Semesters
PLA231 Lokal utvikling og strategisk planlegging
Emnet Lokal utvikling og strategisk planlegging legg vekt på å gi deg innsikt i korleis lokalsamfunna våre vert endra og kva verktøy som kan nyttast for å påverke og styre utviklinga i ei berekraftig retning. Ein ser på kva rolle institusjonar, næringsliv og organisasjonar har for å skape gode samfunn å leve i.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal
- Ha forståing for dei kulturelle, sosiale, økonomiske og miljømessige endringsprosessane i samfunnet
- Vere i stand til å forstå og forklare sentrale modellar og omgrep i planleggingsteori
- Ha forståing for korleis samspelet mellom ulike faglege disiplinar og mellom offentleg, privat og frivillig sektor fungerer i samband med planlegging
Studenten skal kunne
- Utarbeide eit plan- og evalueringssystem, og gjere greie for kva for teoriar og metodar som eignar seg i dei ulike delane av systemet
- Planlegge og gjennomføre prosessar i lag med andre og ha ei kritisk haldning til dei metodane og strategiane som vert nytta
- Legge fram resultat frå prosjektarbeid for eit publikum
Studenten skal kunne
- Reflektere fagleg rundt sentrale utfordringar i lokalsamfunnsutviklinga
- Gjere bruk av teoriar og verktøy i samfunnsplanlegging, og reflektere kring bruken av desse på ein kritisk måte
Undervisinga kombinerer førelesingar, gruppearbeid og individuelle arbeidsoppgåver/praktiske øvingar. Emnet har også eit obligatorisk tverrfagleg arbeid, der studenten gjennomfører eit prosjektarbeid i lag med medstudentar.
Det er lagt opp til studietur/dagstur til maritime klynge med omvisning og seminar.
- Gjennomføre ei skriftleg prøve frå pensum på 1500 ord med godkjent resultat, eller ha minimum 80 prosent frammøte til den undervisninga som står på planen. Gjennomføring av pensumprøva er lagt til slutten av semesteret.
- Godkjent tverrfagleg prosjektarbeid med felles prosjektpresentasjon. Det er obligatorisk frammøte til dei aktivitetane som står på planen til prosjektarbeidet, og evt fråvær må dokumenterast om ikkje anna er avtalt. I tillegg må det påreknast deltaking i gruppearbeid ut over dei tidspunkta som er oppgitt i planen for prosjektarbeidet.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Assignment | Individual | 1 Semester | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Det blir gitt ein førebels karakter på heimeoppgåva. | Alle, der kjelder kan dokumenterast | Heimeoppgåve på omlag 3000 ord, vedlegg ikkje medrekna | |
Adjusting oral examination | Individual | inntil 30 Minutes | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 % |
Emne som gir reduksjon | Grad av overlapp | Vektingsreduksjon |
---|---|---|
IPA202 Lokalsamfunnsplanlegging og utvikling | 100% | 15 stp. |