Semesters
POL302 Politikk, helse og livsløp - Samhandling
Ingen
Emnet Politikk, helse og livsløp – Samhandling er eit tverrfagleg og tverresektorielt emne, som skal gi kompetanse om samhandling mellom fag, sektorar og nivå, og der forståing av politikk, langsiktig samfunnsplanlegging og livsløp er viktige perspektiv Studiet gir kunnskap om reformer og program i offentleg sektor, om samhandling og medverknad som arbeidsmåtar i utvikling av helsefremmande nærmiljø og helse- og velferdstenester.
Studentane som tek dette emnet skal få kompetanse i å planlegge, sette i verk, koordinere og vurdere helse- og velferdstenester, med særleg vekt på samhandling, livsløp, brukardeltaking og nærmiljøperspektiv.
Studiet er eigna både for nyutdanna bachelorstudentar og for yrkesaktive som ønskjer kompetanse på masternivå. Studiet er eigna for studentar med fagleg bakgrunn innanfor helse og velferd, og/eller planlegging og leiing. Studiet er også eigna som vidareutdanning for tilsette i kommunar, fylkeskommunar, helseforetak og frivillig sektor som arbeider med helse- og velferdstenester, planlegging og/eller samfunnsutvikling generelt.
POL302 er nært kopla til emnet POL301 Politikk, helse og livsløp - Overordna perspektiv, og studentar som har tatt POL301, vil truleg ha ekstra godt læringsutbyte av POL302. Men det er ikkje eit krav å ha POL301 for å kunne ta POL302. POL301 skal gi grunnleggande teoretisk kunnskap om samanhengane mellom politikk, samfunnsutvikling, livsløp og helse, medan POL302 skal gi kunnskap om korleis ein gjennom planlegging, utvikllingsarbeid, samhandling, medverknad og nærmiljøarbeid kan arbeide for å skape helsefremmande og sjukdomførebyggande samfunn.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
- ha inngåande kunnskap om politikk og planlegging på samfunns- og sektornivå som reiskap for helsefremming og sjukdomsførebygging
- ha inngåande kunnskap om politikk og planlegging som reiskap for utvikling av gode nærmiljø
- ha inngåande kunnskap om samhandling og medverknad
- ha inngåande kunnskap om, anerkjenner og legg vekt på ulike faggrupper og sektorar sin kompetanse
- kunne analysere utviklingstrekk og samfunnsutfordringar i eit langsiktig og breitt helse- og livsløpsperspektiv
- kunne analysere og utvikle helse- og velferdstenester i samarbeid med brukarar og på tvers av fag, forvaltningsnivå og sektorar
- kunne beskrive moglege konsekvensar av tiltak
- kunne medverke til langsiktig og heilskapleg planlegging, og legge til rette for utvikling av gode nærmiljø
- kunne medverke til nytenking og utviklingsprosessar
- kunne bruke relevant lov- og regelverk
- kunne analysere korleis samspelet mellom politikk, helse og livsløp påverkar enkeltindivid og samfunn
- kunne kommunisere om, og reflektere over, faglege problemstillingar og analysar
- kunne vurdere ulike data og metodar for planlegging, organisering, iverksetjing, evaluering og læring
- kunne reflektere over ulike tilnærmingar til helse-, omsorg- og velferdstenester
- kunne reflektere over eiga rolle som tilretteleggar for gode livsvilkår
- kunne bidra til nytenking og utvikling i planlegging og iverksetting av helse – og velferdstenester
Undervisninga er organisert i tre vekesamlingar, med mandag som studiedag (førebuing, rettleiing, kollokvium m.m.), og med organisert undervisning tirsdag - fredag.
Samling 1: Veke 5, 2018
Samling 2: Veke 10, 2018
Samling 3: Veke 16, 2018
Undervisninga er lagt opp med ein kombinasjon av førelesingar, dialog, gruppearbeid, presentasjon og drøfting i plenum m.m. Det er lagt vekt på praktiske øvingar med utgangspunkt i deltakarane sine eigne erfaringar og utfordringar. Det blir forventa at deltakarane driv sjølvstudium mellom samlingane. Deltakarane får tilgang til eit elektronisk klasserom, der program for samlingar, førelesingar m.m. vert tilgjengeleg for nedlasting, og der deltakaren kan levere oppgåver for kommentar, og kommunisere med faglærarane og med andre studentar.
I emnet POL302 er det lagt vekt på tre tema, som vil vere integrerte i alle samlingane, og hovudtema er:
Tema nasjonal politikk og reformer:
- Reformer, program og prosjekt med vekt på politiske og faglege perspektiv og gjennomføring og evalueringar
- Korleis ulike perspektiv og erfaringar kjem til syne i lov, regelverk og nasjonal politikk
Tema tenester:
- Samordning, samhandling og samskaping
- Medverknad og brukardeltaking
- Tenesteutvikling (og velferdsteknologi)
- Aktuelle lover og regelverk
Tema livsløp og nærmiljø:
- Korleis nærmiljø og lokalsamfunn dannar vilkår for samfunnsdeltaking og livsutfalding
- Oppvekst og alderdom
- Folkehelsearbeid
- Integrering
- Bustadsosialt arbeid
- Universell utforming
- Frivillig og privat sektor si rolle i samfunnsutviklinga
- Om depriverte nærmiljø og parallellsamfunn
- Aktuelle lover og regelverk
Frammøtekrav: Deltaking ved presentasjon av refleksjonsnotat i seminargrupper.
Arbeidskrav: Refleksjonsnotat, 4 000 ord (+/- 10 %), som skal presenterast i seminargrupper.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)
Studentane vel tre representantar som saman med to av dei emneansvarlege utgjer fagutvalet for emnet. Fagutvalet har møte på kvar samling. Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)
- Health and Social Sciences - master
- Health and Social Sciences - master
- Planning and Leadership - master
- Planning and Leadership - master (part time)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Group | 1 Semesters | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 7 000 ord (+/- 10 %) |