Semesters
PPU-DID1FR Didaktikk 1 Framandspråk
Ingen.
Emnet skal utvikle kunnskap om innhald i engelskfaget og framandspråksfaga før og no, og om arbeidsmåtar, vurdering og grunngjevingar for læringsarbeid i faga. Læreplananalyse og kritisk vurdering av kunnskapsgrunnlag for faga som utgangspunkt for planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning står sentralt, i tillegg til praktisk utprøving av undervisningsmetodar og strategiar, og øving i undervisningsplanlegging.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha:
- Kunnskap om engelskfaget/framandspråkfaga sin eigenart og mangfald, og dei utfordringane og moglegheitene dette gir som språklærar
- Kunnskap om engelsk/framandspråkfaga sin plass, grunngjeving og progresjon i skulen.
- Kunnskap om undervisnings-, arbeids- og vurderingsformer generelt og fagspesifikt
Studenten:
- Kan analysere og drøfte utfordringar i læreplan og øvrige styringsdokument knytt til engelskfaget/framandspråksfaget sin plass i skulen
- Kan planlegge, gjennomføre, vurdere og grunngje undervisning i engelskfaget/framandspråksfaget, tufta på mål for opplæringa, lokale og individuelle behov
- Kan leie og motivere elevar i fagleg arbeid og skape eit trygt og inkluderande læringsmiljø for alle elevar
Kandidaten
- kan vise og utøve ein autonom og profesjonsetisk haldning i møte med alle elevar og kollegaer, og kan fremje dialog, toleranse og respekt
- kan orientere seg i faglitteratur, reise relevante problemstillingar, undersøke og drøfte desse kritisk og utvikle sin eigen faglege praksis
Undervisninga vert gitt på to ulike nivå: i plenum (felles fagdidaktikk), og i gruppe i aktuelle fag (spesifikk fagdidaktikk). Studenten vil få arbeidskrav tilpassa studenten sin fagbakgrunn, og med tilbod om individuell rettleiing.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte til undervisning og andre læringsaktivitetar knytt til emnet. Les om frammøtekrav i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Frammøtekrav gjeld undervisninga både i spesifikk fagdidaktikk og felles fagdidaktikk.
Arbeidskrav:
Presiseringar av arbeidskrava vert gitt ved studiestart.
- Del A) Levere eit arbeid knytt til undervisning og aktuelle fagdidaktiske problemstillingar i primærfaget.
- Del B) Alternativ 1 er for studentar med berre eitt undervisningsfag (berre primærfag). Alternativ 2 er for studentar med to undervisningsfag (både primærfag og sekundærfag).
- Alternativ 1: Gjennomføre eitt didaktisk arbeid knytt til faglærarrolla i primærfaget. Arbeidsmengde skal tilsvare arbeidsmengde for alternativ 2.
- Alternativ 2: Godkjent 80% frammøte i undervisning knytt til sekundærfag, tildelt gjennom opptaksbrev
Vilkår for å framstille seg til eksamen i PPU-PED1 Pedagogikk 1 må være oppfylt for å framstille seg til eksamen.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 9-4.
- Professional Teacher Qualification
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Home exam | Individual | 3 Days | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Eksamen består av to delar, der ein del er grunnlag for karaktersetjing i didaktikk, og ein del grunnlag for karaktersetjing i pedagogikk. | Tilsvarande inntil 4000 ord. |