Semesters

PPU-DID1FR Didaktikk 1 Framandspråk

Course code: 
PPU-DID1FR
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2020 Autumn
Assessment semester: 
2020 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen. 

Course content

Didaktikk 1 framandspråk er ein del av praktisk pedagogisk utdanning for allmenne fag, og må sjåast i samanheng med pedagogikk og praksis. Dei to emna i fagdidaktikk inngår som ein heilskapleg del av studiet praktisk-pedagogisk utdanning for allmenne fag. Gjennom tverrfaglege modular i undervisningsplanen vert det synleggjort korleis emne og praksis samarbeider. Det første emnet i didaktikk er, saman med dei første emna i pedagogikk og praksis organisert rundt modulane 1, 2, 3 og 4. 

Emnet skal, saman med det andre fagdidaktikkemnet, gje kunnskap om språkfaga sin plass i skulen, progresjon og grunngjeving. Emnet skal gje innsikt i korleis relevant forsking kan bidra til formidling og tilrettelegging for læring i språkfag. Gjennom fagdidaktikkundervisninga skal studenten få kunnskap om, og innsikt i eit breitt spekter av undervisningsstrategiar, læremiddel og arbeidsmetodar i aktuelle fag.  

Ein del av undervisninga i emnet vert gitt under overskrifta “Felles fagdidaktikk”, medan i andre delar av undervisninga vil studenten vere i eigne undervisningsgrupper knytt til dei ulike undervisningsfaga studenten har undervisningskompetanse i. Detaljar rundt dette vil gå fram av Praksis og samlingsruta og undervisningsplanar for dei ulike faga. 

Studentar med undervisningskompetanse i eitt undervisningsfag skal spesialisere seg i fagdidaktikken for dette faget, gjennom deltaking i undervisning, rettleiing, litteraturstudie og oppgåveskriving. Studentar med opptak med to fag skal utvikle kunnskapar og ferdigheiter i begge faga. Sjå under arbeidskrav for korleis dette vert gjort  

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten skal ha: 

 

  • Kunnskap om framandspråksfaga sin eigenart og inngåande fagdidaktisk og pedagogisk kunnskap for relevante trinn
  • Kunnskap om fagleg danning og utdanning i eit samfunn basert på demokrati, bærekraftig utvikling, mangfold, likestilling og likeverd. 
  • Kunnskap om barn og unge si utvikling, motivasjon, læring og sosialisering med utgangspunkt i språkfag,  
  • Kunnskap om samanheng mellom individuelle, sosiale, kulturelle og fagspesifikke forhold i arbeidet med tilpassa opplæring.  
  • Kunnskap om språkfag sin plass, grunngjeving og progresjon i skulen 
  • Kunnskap om undervisnings-, arbeids- og vurderingsformer generelt og fagspesifikt  
  • Kunnskap om korleis praktiske, digitale, skapande og estetiske læreprosessar kan påverke helse, trivsel og læring 
Learning outcome skills

Studenten: 

  • Kan analysere og drøfte utfordringar i læreplan og øvrige styringsdokument knytt til språkfag sin plass i skulen 
  • Kan planlegge, gjennomføre, vurdere og grunngje undervisning i språkfag, tufta på mål for opplæringa, lokale og individuelle behov  
  • Kan bruke ulike metodar i undervisninga, og tilpasse opplæringa i faget slik at den tek omsyn til eleven sitt ulike læringstempo, interesse for faget og evne til kritisk tenking 
  • Kan bruke digitale ressurser som er sentrale for språkfag 
  • Kan gje undervegs- og sluttvurdering, informere om elevane sitt faglege nivå og utvikling, og gje faglege vurderingsgrunngjevingar 
  • Kan leie og motivere elevar i fagleg arbeid og skape eit trygt og inkluderande læringsmiljø for alle elevar. 
  • Kan planlegge forskningsbaserte utviklings- og endringsprosessar knytt til språkfag 
Learning outcome qualification

Kandidaten 

  • kan vise og utøve ein autonom og profesjonsetisk haldning i møte med alle elevar og kollegaer, og kan fremje dialog, toleranse og respekt  
  • kan orientere seg i faglitteratur, reise relevante problemstillingar, undersøke og drøfte desse kritisk og utvikle sin eigen faglege praksis  
Working and learning activities

Undervisning vil bli gitt på to ulike nivå: i plenum (felles fagdidaktikk), og i gruppe i aktuelle fag. Studenten vil få arbeidskrav tilpassa studenten sin fagbakgrunn, og med tilbod om individuell rettleiing. 

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk oppmøte til undervisning og andre læringsaktivitetar.  Les om frammøtekrav i forskrifta om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda: http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A74-6  

 

Arbeidskrav:

Presiseringar av arbeidskrava vert gitt ved studiestart. 

Del A) Levere eit arbeid tilsvarande ca 2000 ord (ca. 5 sider), knytt til undervisning og aktuelle fagdidaktiske problemstillingar.  

Del B) I tillegg skal alle studentar anten: 

Alternativ 1, for studentar med undervisningskompetanse i eitt undervisningsfag: Ha godkjent skisse for praksisretta prosjekt, også med førebels litteraturliste.  

Alternativ 2, for studentar med undervisningskompetanse i to fag: Ha godkjent deltaking i obligatoriske aktivitetar og undervisning knytt til sekundærfag tildelt gjennom opptaket, og som går fram av opptaksbrev. 

Maximum number of students: 
25
Person in charge: 
Åsa Sundnes Bruheim
Used in other programs
  • Professional Teacher Qualification
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Home exam
Individual
3 Days
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Eksamen består av to delar, del A og del B. Del A er grunnlag for karaktersetjing i pedagogikk, og del B er grunnlag for karaktersetjing i didaktikk.
Tilsvarande om lag 4000 ord
Approval signature: 
Arne Myklebust