Semesters

PPU-DID2TD Didaktikk 2 Teater og drama

Course code: 
PPU-DID2TD
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Course name in Norwegian Nynorsk: 
Didaktikk 2 Teater og drama
Teaching semester: 
2021 Spring
Assessment semester: 
2021 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Gjennomført obligatoriske undervisnings- og læringsaktivitetar i didaktikkemne 1. 

Course content

Fagdidaktikk 2 er ein del av praktisk pedagogisk utdanning for allmenne fag. Emnet byggjer på det første emnet i fagdidaktikk, og i dette andre emnet i fagdidaktikk vert det forventa at studenten viser auka evne til kritisk refleksjon, og klarer setje lærarrolla og arbeidet som lærar i eit vidare perspektiv.
Gjennom tverrfaglege modular i undervisningsplanen vert det synleggjort korleis emne og praksis samarbeider. Det andre emnet i didaktikk er, saman med det andre emnet i pedagogikk og praksis organisert rundt modulane 5, 6, 7 og 8. 

Fagdidaktikk i drama og teater kvalifiserer studenten for undervising i drama og teater i grunnskulen, i vidaregåande opplæring og i folkehøgskulen. Studiet kvalifiserer også for faglig/pedagogisk verksemd i td. kulturskuler, museum eller andre organisasjonar og institusjonar som driv med formidling gjennom drama og teater. Studiet gir kunnskap om ulike undervisningsstrategiar, læremiddel og arbeidsmetodar knytt til arbeid med drama og teater som kunst- og kulturelt uttrykk, og innsikt i og erfaring med korleis barn og unge kan arbeide med kunstnarlege prosessar fram til ei framsyning.

Emnet er, saman med dei andre emna i pedagogikk og praksis organisert i modular.

Emnet skal, saman med det første fagdidaktikkemnet, gje studenten kunnskap om drama- og teaterfaget sin plass i skulen, utbreiing, progresjon og grunngjeving. Emnet skal gje innsikt i korleis relevant forsking kan bidra til formidling og tilrettelegging for læring gjennom drama og teater.

Ein del av undervisninga i emnet vert gitt under overskrifta “Felles fagdidaktikk”, medan i andre delar av undervisninga vil studenten vere i eigne undervisningsgrupper knytt til dei ulike undervisningsfaga studenten har undervisningskompetanse i. 
Detaljar rundt dette vil gå fram av Praksis og samlingsruta og undervisningsplanar for dei ulike faga. 

Studentar med undervisningskompetanse i eitt undervisningsfag skal spesialisere seg i fagdidaktikken for dette faget, gjennom deltaking i undervisning, rettleiing, litteraturstudie og oppgåveskriving. Studentar med opptak med to fag skal utvikle kunnskapar og ferdigheiter i begge faga. Sjå under arbeidskrav for korleis dette vert gjort.

 

 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten har: 

  • brei kunnskap om danning og utdanning i eit samfunn basert på demokrati, berekraftig utvikling, mangfald, likestilling og likeverd
  • kunnskap om ulike digitale arbeidsformer som er relevante i drama- og teaterarbeid
  • kunnskap om samanheng mellom individuelle, sosiale, kulturelle og fagspesifikke forhold i arbeidet med tilpassa opplæring i drama- og teaterarbeid
  • inngåande kunnskap om barn og unge si utvikling, motivasjon, læring og sosialisering med utgangspunkt i drama og teater
  • inngåande kunnskap om drama og teater sin plass, grunngjeving og progresjon i skulen
  • brei kunnskap om undervisnings-, arbeids- og vurderingsformer generelt og fagspesifikt i drama og teater
Learning outcome skills

Studenten kan: 

  • gje undervegs- og sluttvurdering, informere om elevane sitt faglege nivå og utvikling, og gje faglege vurderingsgrunngjevingar
  • ivareta opplæringa for barn med samisk opphav, og for barn med ulike sosiale og kulturelle utgangspunkt
  • gjennomføre profesjonsretta, praksisrelevante, sjølvstendige og avgrensa FoU-prosjekt i tråd med forskningsetiske normer
  • analysere og drøfte utfordringar i læreplan og øvrige styringsdokument knytt til drama- og teaterfaget sin plass i skulen
  • planlegge, gjennomføre, vurdere og grunngje undervisning i drama og teater, tufta på mål for opplæringa, lokale og individuelle behov
  • bruke varierte og relevante metoder i dramaundervisninga, og tilpasse opplæringa i faget slik at den tek omsyn til eleven sitt ulike læringstempo, interesse for faget og evne til kritisk tenking
  • vurdere og bruke digitale ressurser som er sentrale i drama og teater, og vurdere korleis digitale ressursar fremjer læring i faget
  • leie og motivere elevar i drama- og teaterfagleg arbeid og skape eit trygt og inkluderande læringsmiljø for alle elevar
  • planlegge og delta i forskningsbaserte utviklings- og endringsprosessar knytt til drama og teater, og kritisk vurdere desse i etterkant 
Learning outcome qualification

Studenten kan: 

  • vise og utøve ei autonom og profesjonsetisk haldning i møte med alle elevar, føresatte og kollegaer, og kan fremje dialog, toleranse og respekt 
  • orientere seg i faglitteratur, reise relevante problemstillingar, undersøke og drøfte desse kritisk og utvikle sin egen faglege praksis  
  • bidra i innovasjonsprosessar og ta ansvar for samarbeid og utviklingsarbeid som fremjer fagleg og pedagogisk nyskaping i opplæringa
  • bidra til kritisk analyse av utdanningspolitiske spørsmål og formål, ideologiar og praksisar og delta i samfunnsdebattar om utdanningspolitikk
Working and learning activities

Undervisninga er eit samspel mellom teoretisk, praktisk og sjølvstendig arbeid, både på Campus og på nett. 
Undervisning vil bli gitt på to ulike nivå: i plenum (felles fagdidaktikk), og i gruppe i drama og teater. Studenten vil få arbeidskrav tilpassa studenten sin fagbakgrunn, og med tilbod om individuell rettleiing.

Studentene vil arbeide med:

  • praktisk/kunstnarleg arbeid 
  • seminar og førelesing
  • prosjektarbeid og framføring
  • sjølvstudium
  • gruppearbeid
  • rettleiing

Skriftleg dokumentasjon i form av rapportar, prosess/produktevaluering, scenarier, oppgåveskriving m.m., vert knytt til både det praktiske og teoretiske arbeidet.

Assessment requirements

Bestått didaktikkemne 1. 

Frammøtekrav:

Emnet krev aktiv deltaking og engasjement, og det er obligatorisk oppmøte til undervisning og andre læringsaktivitetar.  Les om frammøtekrav i forskrifta om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda: http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A74-6 

Arbeidskrav:

Presiseringar av arbeidskrava vert gitt ved studiestart. 

Del A) Levere to faglege arbeid tilsvarande om lag 1500 ord, knytt til aktuelle fagdidaktiske problemstillingar.

Del B) I tillegg skal alle studentar anten: 

Alternativ 1, for studentar med opptak i eitt undervisningsfag: Gjennomføre eit tverrfagleg praksisretta prosjekt, eller prosjekt knytt til samarbeid mot eksterne aktørar. Prosjektet skal dokumenterast gjennom aktuelle multimodale former. Dokumentasjonen skal innehalde presentasjon for andre studentar. Dokumentasjonen må også synleggjere diskusjon og refleksjonar knytt til aktuell litteratur. Det skal vere sjølvvalt litteratur på rundt 300-500 sider knytt til arbeidet. 

eller

Alternativ 2, for studentar med opptak i to undervisningsfag: Godkjent deltaking i obligatoriske aktivitetar og undervisning i sekundærfag tildelt gjennom opptaket, og som går fram av opptaksbrev. Ha godkjent eit fagdidaktisk arbeid tilsvarande ca 2000 ord med utgangspunkt i sekundært fag. 

Minimum number of students: 
4
Maximum number of students: 
8
Person in charge: 
Hege Holmqvist Synnes
Used in other programs
  • Professional Teacher Qualification
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Portfolio
Individual
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100
Alle studentar skal velje ut ei av dei to godkjende arbeidskrava under punkt A), i tillegg skal arbeid knytt til B) inngå i mappa. Arbeidet skal leverast saman med ei presentasjonstekst på omlag 1000 ord.
Approval signature: 
Unni Hagen