Semesters
- 2026 Spring
- 2025 Spring
- 2024 Spring
- 2023 Spring
- 2022 Spring
- 2021 Spring
- 2020 Spring
- 2019 Spring
- 2018 Spring
- 2017 Spring
- 2015 Autumn
PPU-PRA2 Praksisplan PPU heiltid 2. periode
PPU-PRA1
Praksisplanen byggjer på Rammeplan for Praktisk-pedagogisk utdanning av 2003. Praksisplanen skal saman med emneplanar for profesjonsfaget vere eit utrykk for konkretisering av rammeplanen sine målområde og mål. PPU er yrkesretta og praksis har ei særstilling. I praksisopplæringa skal studentane få erfaring med ulike aktivitetar som inngår i ein lærar sin arbeidsdag og gradvis utvikle sin profesjonskunnskap gjennom å prøve ut og analysere eigne faglege og didaktiske kunnskapar. Praksisopplæringa skal vere rettleia, integrert, relevant og variert, og er ein læringsarena på lik line med opplæringa ved høgskulen. Omfanget av praksis er sett til 60 dagar som vert fordelt over to semester. Rammeplanen visar til kompetanseområder som studiet og dermed praksis er sentrert rundt: Fagleg kompetanse Skulen i samfunnet Etikk Pedagogikk og fagdidaktikk Leiing av læringsprosesser Samhandling og kommunikasjon Endring og utvikling Kompetanseområda er presisert gjennom skildring av læringsutbytte.
I løpet av andre praksisperiode skal studentane ha dette læringsutbytte: KunnskapKandidaten har erfaringsbasert kunnskap om læring, læreprosesser, arbeidsmåtar, læremidler og vurderingsformer har erfaringsbasert kunnskap om samspel mellom elevar og mellom elevar og lærar, om klasseleiing og teamarbeid og skule-heim samarbeid har erfaringsbasert kunnskap om læraren si rolle, rettigheitar og plikter og om lærararbeid på organisasjonsnivå har kunnskap om konkret forskings- og utviklingsarbeid i praksisskulen FerdigheitKandidaten kan variere og grunngje eit bredt utval av undervisingsmetodar, sjølvstendig og i lag med eleven kan vere ein tydeleg leiar og leie læringsarbeid tilpassa ulike elevar, samt kunne justere arbeidsmåtane undervegs kan handle i lag med elevar, føresette, kollegaer, skuleleiing og andre aktørar i skulen Generell kompetanseKandidaten kan kritisk vurdere eigen og andre sin praksis med referanse til teori og forsking kan initiere og gjennomføre utviklingsarbeid i samarbeid med utdanningsinstitusjonen og praksisskulen kan identifisere, handtere og førebyggje brot på normer og reglar kan ta imot og reflektere over rettleiing gitt av praksislærar
-
-
-
Det vert utarbeidd studie- og praksisrute som klargjer nøyaktig tidfesting av praksisperioden. Andre praksisperiode har eit omfang på 30 dagar og vert gjennomført i vidaregåande skule. I andre praksisperiode er det ein naturleg progresjon at studenten har eit sjølvstendig ansvar for delar av opplæringa.Studentar med fagbakgrunn i fellesfaga i vidaregåande opplæring bør ha praksis på ulike utdanningsprogram i løpet av praksisperioden.Praksislærar si hovudoppgåve er å legge til rette for studenten sin praksis, lage plan for praksisperioden i lag med student og å leie rettleiingsøktene. Ei rettleiingsøkt består av tre delar: Før-rettleiing Observasjon av studenten sitt arbeid med klassa/elevgruppa Etter-rettleiing Rettleiing frå praksislærar har som føremål å medverke til at studenten får utvikla eigen forståing av kva det vil seie å vere lærar. Refleksjon over planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning vil vere viktig i studenten sin utvikling av profesjonskompetanse.Studenten sitt ansvar er å vere aktiv og interessert deltakar i praksis, og ta sitt ansvar i rettleiinga. Studenten skal før kvar rettleiingsøkt levere ein skriftleg plan for timen/undervisingsøkta til praksislærar, eventuelt faglærar og med-student om det er behov for det. Denne planen med bestilling av rettleiing, og eventuelt andre skriftlege dokument til dømes logg eller arbeidsplan vil vere utgangspunkt for rettleiingssamtalane før og etter gjennomføring av undervisningsøkta.Det er obligatorisk frammøte til praksis. Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6 om obligatorisk frammøte/deltaking.
-
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.Det vert utført både midtvegs og slutt evaluering frå studentar og praksisskuleMidtvegs- og sluttevaluering Midtvegsevaluering har form som ein samtale mellom student og øvingslærar der alt som er relevant for praksisperioden kan takast opp. Praksiskulane vert bedne om å gjennomføre ei årleg evaluering av praksis til dømes møte for alle praksislærarar ved skulen.