Semesters

PPU1-R15 Pedagogikk 1

Course code: 
PPU1-R15
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2018 Autumn
Assessment semester: 
2018 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

Pedagogikk i Praktisk Pedagogisk Utdanning (heiltid) utgjer totalt 30 studiepoeng, der 15 stp. vert teke haust (emne PPU1-R15) og 15 stp. vert teke vår (emne PPU2-R15). Dei andre 30 stp. er fagdidaktikk (jmf. eigne emneplanar for ulike fag).

Pedagogikkemnet PPU1-R15 er organisert i 4 delemne. Desse er:

1. Lærarrolla

2. Læring, vurdering  og motivasjon 

3. Tilpassa opplæring og elevkunnskap

4. Læraren som leiar

Studiet i pedagogikk skal bidra til at studentane tileignar seg kunnskap om og ferdigheiter i kompetanseområda i Forskrift om rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning (2015). Dette skal skje i samarbeid med fagdidaktikk og praksisfelt.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten har kunnskap om:

  • lærarprofesjonalitet og yrkesetiske utfordringar
  • teoretiske perspektiv på danning, utvikling og læring
  • samanhengar mellom individuelle, sosiale og kulturelle faktorar i arbeidet med tilpassa og likeverdig opplæring
  • skulen sitt mandat, opplæringa sitt verdigrunnlag og opplæringslaupet
  • mangfaldet i elevgruppa og om barn og ungdom si utvikling og læring
  • ulike former for vurdering og samspelet mellom tilbakemelding og motivasjon
  • leiing av klasser og læringsprosessar
  • observasjon som metode
Learning outcome skills

Studenten kan:

  • leie, rettleie og motivere elevar, og skape konstruktive, meiningsfylte og inkluderande læringsmiljø
  • planlegge, gjennomføre og reflektere over undervisning basert på forskings- og erfaringsbasert kunnskap
  • reflektere over og utvikle eigen praksis i møte med eleven sine føresetnader, interesser og behov med bakgrunn i ulike teoretiske perspektiv
  • bruke og vise til relevant pedagogisk teori og forsking for å treffe grunngjevne val og gjennomføre systematisk fagleg utviklingsarbeid
Learning outcome qualification

Studenten:

  • har kunnskap om sentrale problemstillingar i utdanningsforsking
  • har kunnskap om lov- og planverk og innsikt i ulike profesjonsteoretiske utfordringar
  • kan reise problemstillingar, undersøke og drøfte desse gjennom teoretisk og empirisk kunnskap og dermed medverke til utvikling og endring av eigen praksis
  • har kunnskap om korleis byggje gode relasjonar til elevar
  • har kunnskap om korleis ein i samarbeid med foreldre og PPT kan fremje tilpassa opplæring
Working and learning activities

Undervisning i plenum og grupper, samt arbeid i grupper og seminar.  

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte til all undervisning og arbeid i grupper og seminar på studiet. Viser elles til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6 om frammøte/deltaking i undervisninga.

Arbeidskrav:

Arbeidskravet er knytt til observasjonspraksis. Omfang: 1500 -2000 ord. Times New Roman 12 pkt. og linjeavstand 1,5. Nærare retningslinjer for arbeidskravet vert gitt i semesterplanen. Arbeidskravet må vere godkjend for å kunne gå opp til eksamen (Jmf § 4-7 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda).

Evaluation system
Maximum number of students: 
60
Person in charge: 
Stine Margrethe Ekornes
Used in other programs
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individual
1 Semester
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Times New Roman 12 pkt., linjeavstand 1,5
Om lag 4000 (+/- 10%)
Approval signature: 
Anne Øie