Semesters
PPU1-R15 Pedagogikk 1
Ingen
Pedagogikk i Praktisk Pedagogisk Utdanning (heiltid) utgjer totalt 30 studiepoeng, der 15 stp. vert teke haust (emne PPU1-R15) og 15 stp. vert teke vår (emne PPU2-R15). Dei andre 30 stp. er fagdidaktikk (jmf. eigne emneplanar for ulike fag).
Pedagogikkemnet PPU1-R15 er organisert i 4 delemne. Desse er:
1. Lærarrolla
2. Læring, vurdering og motivasjon
3. Tilpassa opplæring og elevkunnskap
4. Læraren som leiar
Studiet i pedagogikk skal bidra til at studentane tileignar seg kunnskap om og ferdigheiter i kompetanseområda i Forskrift om rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning (2015). Dette skal skje i samarbeid med fagdidaktikk og praksisfelt.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har kunnskap om:
- lærarprofesjonalitet og yrkesetiske utfordringar
- teoretiske perspektiv på danning, utvikling og læring
- samanhengar mellom individuelle, sosiale og kulturelle faktorar i arbeidet med tilpassa og likeverdig opplæring
- skulen sitt mandat, opplæringa sitt verdigrunnlag og opplæringslaupet
- mangfaldet i elevgruppa og om barn og ungdom si utvikling og læring
- ulike former for vurdering og samspelet mellom tilbakemelding og motivasjon
- leiing av klasser og læringsprosessar
- observasjon som metode
Studenten kan:
- leie, rettleie og motivere elevar, og skape konstruktive, meiningsfylte og inkluderande læringsmiljø
- planlegge, gjennomføre og reflektere over undervisning basert på forskings- og erfaringsbasert kunnskap
- reflektere over og utvikle eigen praksis i møte med eleven sine føresetnader, interesser og behov med bakgrunn i ulike teoretiske perspektiv
- bruke og vise til relevant pedagogisk teori og forsking for å treffe grunngjevne val og gjennomføre systematisk fagleg utviklingsarbeid
Studenten:
- har kunnskap om sentrale problemstillingar i utdanningsforsking
- har kunnskap om lov- og planverk og innsikt i ulike profesjonsteoretiske utfordringar
- kan reise problemstillingar, undersøke og drøfte desse gjennom teoretisk og empirisk kunnskap og dermed medverke til utvikling og endring av eigen praksis
- har kunnskap om korleis byggje gode relasjonar til elevar
- har kunnskap om korleis ein i samarbeid med foreldre og PPT kan fremje tilpassa opplæring
Undervisning i plenum og grupper, samt arbeid i grupper og seminar.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning og arbeid i grupper og seminar på studiet. Viser elles til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6 om frammøte/deltaking i undervisninga.
Arbeidskrav:
Arbeidskravet er knytt til observasjonspraksis. Omfang: 1500 -2000 ord. Times New Roman 12 pkt. og linjeavstand 1,5. Nærare retningslinjer for arbeidskravet vert gitt i semesterplanen. Arbeidskravet må vere godkjend for å kunne gå opp til eksamen (Jmf § 4-7 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda).
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individual | 1 Semester | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Times New Roman 12 pkt., linjeavstand 1,5 | Om lag 4000 (+/- 10%) |