Semesters
PPU123-30 PPU: Fagdidaktikk - Kroppsøving, 30 stp
Ingen
Faget skal kvalifisere til undervisning i kroppsøving og idrettsfag i grunnskulen (5. trinn og oppover) og i vidaregåande skule. Det blir lagt opp til veksling mellom teoretiske og praktiske arbeidsformer med fokus på kroppsøvingslæraryrket.
Undervisninga i faget skal vere integrert, forskingsbasert og profesjonsorientert. Den tek utgangspunkt i kroppsøving som eit allmenndannande fag og skal vere knytt til praksisfeltet. Faget skal gje studenten fagleg, pedagogisk og fagdidaktisk kompetanse til å arbeide ut frå gjeldande læreplan, utvikle faget i framtida og ivareta dei kroppslege dimensjonane ved det å vere menneske.
Studentane skal tileigne seg kunnskapar og erfaring om og med ulike rørslemiljø og rørslekulturar. Kunnskap om kva som fremjar kroppsleg læring, positiv sjølvforståing og rørsleglede er sentralt. Faget skal styrke profesjonsidentitet og studenten sitt arbeid med mangfald, og ulikskap i skulen. Undervisninga skal utvikle læraren si lærarkompetanse, individuelt og i samarbeid med andre.
Gjennom arbeidet med emnet skal studentane utvikle sjølvstendig refleksjon og vurdering av eiga undervisning. Den fagspesifikke kompetansen vert tileigna gjennom praktisk og teoretisk undervisning og profesjonspraksis.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- har kunnskap om kroppsøvingsfaget sitt føremål, eigenart og legitimering til andre skulefag
- har kunnskap om kva som kan fremje rørsleglede for målgrupper på ulike nivå og med ulike føresetnader
- har kunnskap om gjeldande læreplan i kroppsøving/idrettsfag og la denne danne grunnlag for planlegging, gjennomføring og evaluering av undervisninga
- har kunnskap om elevvurdering i faget
- har kunnskap om grunnleggjande element knytt til tilpassa opplæring for barn og ungdom med ulike føresetnader
- kan gjere greie for faget si innverknad på eleven si fysiske, psykiske og sosiale helse
- har fagkunnskap og didaktisk kunnskap knytt til å leie undervisning i kroppsøving og idrettsfag
- har kunnskap om å skape fornying innanfor fagfeltet
- har kunnskap om forskings- og utviklingsarbeid knytt til faget
Studenten:
- kan planleggje, gjennomføre og evaluere undervisning i kroppsøving ut frå gjeldande lovverk, gjeldande læreplan og profesjonsetiske retningslinjer
- kan vurdere barn og ungdom/eleven si kroppslege utvikling og føresetnader som grunnlag for tilpassa opplæring og læringsfremjande tilbakemeldingar
- kan drøfte problemstillingar knytt til elevvurdering
- kan inkludere dei fem grunnleggjande dugleikane på faget sine premissar
- kan identifisere farar og ivareta tryggleik i ulike aktivitetar og rørslemiljø
- kan planleggje, leie, leggje til rette for, gjennomføre og vurdere allsidig aktivitet for ulike målgrupper på ulike utviklingsnivå og med ulike føresetnader
- har erfaring med grunnleggjande fagdidaktikk i praksis, og kan vise fagleg kunnskap og didaktisk refleksjon
Studenten:
- kan identifisere og analysere faglige utfordringar innanfor kroppsøving og idrettsfag
- kan drøfte på kva måte kroppsøving og idrettsfag bidreg til eleven si allmenndanning
- kan arbeide med kroppsøving og rørsleaktivitet i eit tverrfagleg perspektiv
- kjenner til og kan drøfte ulike problemstillingar, utviklingstrekk og forsking innanfor fagområdet
- kan bidra til kompetanseheving med utgangspunkt i kroppsøving og idrettsfag
Studiet har forelesningar, seminar, webinar, praksis, problembasert læring, eigenstudiar og gruppearbeid med og utan rettleiing. Du vil lære å om korleis ein kan planlegge, legge til rette for, tilpasse og gjennomføre praktisk metodiske opplegg i utvalde aktivitetar
I løpet av studiet er det praksis i grunnskule og vidaregåande skule.
Canvas vert nytta i kommunikasjon med studentane. Gjennom undervisninga vil studentane få eit bevisst forhold til bruk av digitale verktøy. Dette vil vere ein reiskap i samband med informasjonssøking, studentpresentasjonar, arbeidskrav og undervisning i faget.
Frammøtekrav:
Frammøte: Det er obligatorisk frammøte til all undervisning. Frammøte i emnet er også knytt til undervisninga i felles fagdidaktikk. Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6 om obligatorisk frammøte/deltaking.
Arbeidskrav:
- eit individuelt skriftleg arbeid på ca. 2000 ord.
- eit individuelt skriftleg arbeid på ca. 3000-3500 ord. Studentane skal gi respons til medstudent.
- forskings- og utviklingsarbeid i praksisfeltet. Individuell skriftleg innlevering på ca. 4000 ord, med munnleg presentasjon for studentgruppa.
- to praktisk metodiske oppgåver med medstudentar eller andre elev/studentgrupper.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praktisk eksamen | Individual or Group exam | Ca. 45-75 Minutes | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Studenten skal individuelt/i gruppe ut frå ei gitt oppgåve planleggje og gjennomføre eit praktisk metodisk opplegg. Studenten skal kunne grunngje sine val, og kunne svare på spørsmål frå pensum. |