Semesters

PPU127-30 PPU: Fagdidaktikk - Naturfag, 30 stp

Course code: 
PPU127-30
Duration: 
2 semesters
Credits (ECTS): 
30
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2018 Autumn
2019 Spring
Assessment semester: 
2019 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

På grunnlag av gjennomførte fagstudium i naturfaga skal fagdidaktikkstudiet, saman med resten av emna i PPU, gi studentane grunnlag og ferdigheit til å planlegge og gjennomføre ei variert og reflektert undervisning i naturfag for elever i grunnskule og vidaregåande skule. Innhaldet i emnet er i stor grad konsentrert om det tverrfaglige naturfaget slik vi finn det i planverket for årsstega 5–11. Studieretningsfaga i vidaregåande skule er i mindre grad direkte tematisert, men dette vil og avhenge noko av fagkrinsen til studentane som til ei kvar tid deltek.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten skal ha

  • inngående kunnskap om sentrale fagdidaktiske tema i naturfag
  • oppdatert kunnskap om naturfaget sitt innhald på dei ulike stega i grunn- og vidaregåande skule
  • brei kunnskap om ulike metodar for undervisning i naturfag
  • ha kunnskap om naturfaga sin eigenart, historiske utvikling og plass i samfunnet
  • ha kunnskap om grunnleggjande ferdigheiter i høve naturfag
Learning outcome skills

Studenten skal

  • kunne planleggje, gjennomføre og vurdere naturfagundervisning for alle elevar, forankra i forsking, teori og praksis
  • ha gode praktiske ferdigheiter i munnleg og skriftleg kommunikasjon i faget, og kompetanse til å legge til rette undervisning som skal fremje slike ferdigheiter hos elevane
  • kunne bruke arbeidsmåtar som fremjar elevane si undring, kreativitet og evne til å arbeide systematisk med utforskande aktivitetar, grunngjevingar og argument
  • kunne analysere og vurdere elevane sine tenkjemåtar, argumentasjon og løysingsmetodar frå ulike perspektiv på kunnskap og læring
Learning outcome qualification

Studenten

  • kan reflektere over naturfagdidaktiske problemstillingar
  • har ei profesjonell holdning og kan kritisk reflektere over faglege og fagpolitiske spørsmål
  • kan med stor grad av sjølvstende vidareutvikle eigen fagdidaktiske kompetanse og bidra til  elevar si faglege utvikling
Working and learning activities

Arbeidsmåtane vil veksle mellom lærarstyrt undervisning og at studentane arbeider på eiga hand. Deler av undervisninga inneber praktisk arbeid med naturfaga, laboratoriearbeid og korte ekskursjonar og drøftingar i samband med dette, medan andre delar er organisert som førelesingar.

Delar av det faglege innhaldet er av ein slik generell art at det vert undervist samla for alle faga i PPU. Denne undervisninga er organisert som tverrfagleg tematisk fellesundervisning (felles fagdidaktikk) for alle faga samla.

Nokre tema vert undervist felles for naturfag og matematikk.

Assessment requirements

Studentane skal skrive fire fagtekstar, tre på 1800-2500 ord kvar og skal i tillegg gjennomføre eit utviklingsarbeid på 3600-5000 ord.

Studentane skal også ha ei munnleg framføring knytt til fordjupingsoppgåva.

Meir utfyllande informasjon om desse arbeidskrava vert gitt etter studiestart og leveringsfristar går fram av semesterplanen.

Det er obligatorisk frammøte til all undervisning. Frammøte i emnet er også knytt til undervisninga i felles fagdidaktikk. Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6 om obligatorisk frammøte/deltaking. 

Evaluation system
Maximum number of students: 
20
Person in charge: 
Erik Fooladi
Used in other programs
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Portfolio
Individual
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Mappa inneheld følgjande element:

- utviklingsarbeidet
- ein av dei tre korte arbeidskravtekstane valt av studenten sjølv
- ei presentasjonstekst på 800–1200 ord der studenten presenterer fagtekstane og arbeidet med dei og grunngir valet av tekstar.
Approval signature: 
Anne Øie