Semesters
PPU128-30 PPU: Fagdidaktikk - Framandspråk, 30 stp.
Ingen
På bakgrunn av fagstudium i framandspråk skal fagdidaktikkemnet i framandspråk gi studentane eit grunnlag for å sjå språk som mennesket sitt viktigaste kommunikasjonsmiddel og som ein reiskap for å utvikle tanke og personlegdom. Noreg er eit lite språksamfunn, og nordmenn nyttar seg av framandspråk for å få kunnskap om – og innsikt i – andre land sine kulturar og for å kunne vere ein del av verdssamfunnet. Både innafor utdanning, yrkesliv og den private sfære gjer samarbeid på tvers av landegrenser og kulturar det viktig å lære framandspråk.Gjennom fagdidaktikkstudiet i framandspråk skal studentane få medvit om framandspråk som ferdigheitsfag, reiskapsfag, kultur- og danningsfag. Elevane sin totale språkkompetanse er ei felles oppgåve for alle språkfaga. Undervisninga skal gjere det mogleg for studentane å tileigne seg kunnskap, gjere praktiske erfaringar og utvikle evne til refleksjon, i møte med fagdidaktiske problemstillingar som relaterer seg til framandspråk i skule og opplæring.
Utdanninga skal også kvalifisere til å ivareta opplæring om samiske forhold. Under dette kjem kjennskap til den statusen urfolk har internasjonalt, og samiske born og ungdommar sin rett til opplæring i tråd med opplæringslova og gjeldande læreplanverk.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne/studium
Studenten
har inngåande fagdidaktisk og pedagogisk kunnskap for relevante trinn og kunnskap om framandspråksfaga sin eigenart
har brei forståing for skulen sitt mandat, opplæringa sitt verdigrunnlag og opplæringsløpet
har inngåande kunnskap om og evne til å halde seg oppdatert på gjeldande lov- og planverk for profesjonsutøvinga, og brei kunnskap om fagplanhistorie
har brei kunnskap om barne og ungdomskultur og barn og ungdom si utvikling og læring i ulike sosiale og kulturelle kontekstar
har brei kunnskap om læringsstrategiar, læringsarenaar og arbeidsmetodar i framandspråksundervisinga
har kunnskap om barn og unge i vanskelege livssituasjonar, og under dette kunnskap om vald og seksuelle overgrep, og om barn og unge sine rettar i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv
Studenten
kan planlegge, gjennomføre og reflektere over undervisning i framandspråk basert på forskings og utviklingsarbeid og erfaringsbasert kunnskap
kan leie og legge til rette for undervisingsløp som fører til gode faglege og sosiale læringsprosessar
kan bruke varierte arbeidsmetodar, differensiere og tilpasse opplæring i samsvar med gjeldande læreplanverk, og skape motiverande og inkluderande læringsmiljø i framandspråksundervisinga
kan beskrive kjenneteikn på kompetanse, vurdere og dokumentere elevar si læring, gje læringsfremjande tilbakemeldingar og bidra til at elevane kan reflektere over eiga læring og eiga fagleg utvikling
kan identifisere særskilde behov hos barn og unge, og under dette kjem også å identifisere teikn på vald eller seksuelle overgrep. På bakgrunn av faglege vurderingar skal kandidaten raskt kunne iverksette nødvendige tiltak.
Kandidaten
kan formidle pedagogiske og framandspråksdidaktiske problemstillingar på eit avansert nivå
har ei profesjonell haldning og kan kritisk reflektere over faglege, profesjonsetiske og fag- og utdanningspolitiske spørsmål
kan med stor grad av sjølvstende vidareutvikle eigen fagdidaktisk kompetanse og bidra til både kollegaar og skulen si utvikling
kan bygge relasjonar til elevar og føresette, og samarbeide med aktørar som er relevante for skuleverket
Undervisninga omfattar førelesing og seminar på to nivå: i plenum (felles didaktikk) og i gruppe i det enkelte fag (framandspråk). Studiet er praksisbasert, og faget set store krav til eige studiearbeid, individuelt og i grupper. Frammøte til undervisninga er obligatorisk.
- To fagdidaktiske skriftlege oppgåver knytt til praksis (kvar på 2500 ord)
- Ein individuell teoretisk refleksjonstekst (2000 ord) knytt til eit metodisk opplegg
- Eit planleggingsdokument for undervisning i framandspråk (3 undervisningstimar, 2000 ord)
Ein refleksjonstekst om eiga utvikling over tid (1200 ord)
Studiet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | Semesters | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | •To fagdidaktiske skriftlege oppgåver knytt til praksis (kvar på 2500 ord) •Ein individuell teoretisk refleksjonstekst (2000 ord) knytt til eit metodisk opplegg •Eit planleggingsdokument for undervisning i framandspråk (3 undervisningstimar, 2000 ord) Tre av dei fire oppgåvene må leverast i ei eksamensmappe i tillegg til ein personleg refleksjonstekst (1200 ord) |