Semesters

PPU130-15 PPU: Fagdidaktikk - Samfunnsfag, 15 stp

Course code: 
PPU130-15
Duration: 
2 semesters
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Course name in Norwegian Nynorsk: 
PPU: Fagdidaktikk - Samfunnsfag, 15 stp
Teaching semester: 
2018 Autumn
2019 Spring
Course name in Norwegian Bokmål: 
PPU: Fagdidaktikk - Samfunnsfag, 15 stp
Assessment semester: 
2019 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen. 

Course content

Emnet skal gje studenten grunnleggande kunnskap og ferdigheit til å undervise i samfunnsfag i norsk skule. Studiet skal også bidra til å auke studentane sin fagdidaktiske refleksjon rundt samfunnsfaget. Desse fagdidaktiske områda er felles for alle: fagplanhistorie, tilpassa opplæring, didaktiske utfordringar knytte til elevar som ikkje har norsk som morsmål, dei fem grunnleggande ferdigheitene (digitale, munnlege, lese, rekne, skrive) og nasjonale prøver.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten skal ha

  • inngåande kunnskap om samfunnsfaga sin eigenart, utvikling og legitimering
  • kunnskap om grunngjevingar for samfunnsfaga som skulefag
  • kunnskap om gjeldande læreplan og fagplanhistorie
  • kunnskap om analyse av læreplanar og læremiddelfagdidaktisk refleksjon i samband med planlegging av undervisning
  • forståing for samfunnsfaga si rolle som haldningsdannande fag i høve til menneskerettar, demokrati, likestilling, miljøspørsmål og det fleirkulturelle samfunnet
  • kunnskap om historieforståing og historiebruk mellom barn og unge
  • kjennskap til sentrale samfunnsfaglege kjelder i faget og kritisk vurdering av desse
  • evne til refleksjon om tverrfaglege utfordringar
  • kunnskap om vurdering av utviklingsarbeid retta mot samfunnsfag i skulen
Learning outcome skills

Studenten skal kunne

  • bruke og vurdere ulike arbeidsformer innafor samfunnsfaga
  • planlegge undervisning og læring med utgangspunkt i fagtradisjon, læreplanverk og ulike typar av læremiddel
  • legge til rette for bruk av problemorienterte arbeidsmåtar
  • bruke og vurdere digitale verktøy og kjelder i opplæringa, og bidra til at elevane kan forholde seg aktivt og kritisk til digitale media
  • bruke ulike typar kjelder og materiale i arbeidet med utvikling av elevars grunnleggande ferdigheiter
  • utvikle og bruke ulike typar av forteljingar innanfor samfunnsfaga
  • bruke lokalsamfunnet som læringskjelde
  • reflektere over og bruke ulike former for vurdering i samfunnsfaga, og bidra til at elevane kan reflektere over eiga læring og faglege utvikling i faget
  • vurdere samanhengen mellom mål, arbeidsformer, læremiddel og vurderingsformer
Learning outcome qualification

Studenten skal kunne

  • bruke fagdidaktiske kunnskapar til å tolke og bruke gjeldande læreplanverk
  • sjå dimensjonar ved samfunnsfaga som skulefag på ulike nivå
  • bruke faglege og fagdidaktiske kunnskapar til konstruktiv og kritisk refleksjon
  • utvikle eigen vurderings- og rettleiingskompetanse, og sjå korleis vurdering inngår som ein integrert del av alle læringsopplegg
  • identifisere, analysere og løyse problem knytt til elevar si læring og utvikling i samfunnsfaga
Working and learning activities

Undervisninga skjer på to ulike nivå: Eit nivå for felles fagdidaktikk og eit nivå for samfunnsfagdidaktikk. Studiet er praksisbasert, og faget set krav til eige studiearbeid, individuelt og i grupper.  Oppgåvearbeid med individuell rettleiing.

Assessment requirements

Arbeidskrav: Studentane skal levere tre faglege arbeid: to fagtekstar, kvar på 2000 -2500 ord, og ei digital forteljing på 2-3 minutt med eit refleksjonsnotat på 600-800 ord. Eitt av arbeida skal vere knytt til praksis.

Frammøtekrav: Det er obligatorisk frammøte til all undervisning.
Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6 om obligatorisk frammøte/deltaking. 

Evaluation system
Maximum number of students: 
30
Person in charge: 
Kari Aslaug Hasle
Used in other programs
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Portfolio
Individual
2 Semester
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Mappevurdering: To arbeid skal leverast til vurdering saman med ein presentasjonstekst på 600-800 ord der studenten presenterer innhaldet i mappa og arbeidsprosessen, og grunngjev utvalet.
Approval signature: 
Odd Ragnar Hunnes 14.02.18