Semesters

PPU130-30 PPU: Fagdidaktikk - Samfunnsfag, 30 stp

Course code: 
PPU130-30
Duration: 
2 semesters
Credits (ECTS): 
30
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2017 Autumn
2018 Spring
Assessment semester: 
2018 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Course content

Emnet skal gje studenten grunnleggande kunnskap og ferdighet til å undervise i samfunnsfag i norsk skule. Studiet skal også bidra til å auke studentane sin fagdidaktiske refleksjon rundt samfunnsfaget. Desse fagdidaktiske områda er felles for alle: fagplanhistorie, tilpassa opplæring, didaktiske utfordringar knytte til elevar som ikkje har norsk som morsmål, dei fem grunnleggande ferdigheitene (digitale, munnlege, lese, rekne, skrive) og nasjonale prøver.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten

  • har inngåande kunnskap om samfunnsfaga sin eigenart, utvikling og legitimering
  • har kunnskap om grunngjevingar for samfunnsfaga som skulefag
  • har kunnskap om gjeldande læreplan og fagplanhistorie
  • har kunnskap om analyse av læreplanar og læremiddelfagdidaktisk refleksjon i samband med planlegging av undervisning
  • har forståing for samfunnsfaga si rolle som haldningsdannande fag i høve til menneskerettar, demokrati, likestilling, miljøspørsmål og det fleirkulturelle samfunnet
  • har kunnskap om historieforståing og historiebruk mellom barn og unge
  • har kjennskap til sentrale samfunnsfaglege kjelder i faget og kritisk vurdering av desse
  • har kunnskap om refleksjon omkring tverrfaglege utfordringar
  • har kunnskap om vurdering av utviklingsprosjekt retta mot samfunnsfag i skulen
Learning outcome skills

Studenten

  • kan bruke og vurdere ulike arbeidsformer innanfor samfunnsfaga
  • kan planlegge undervisning og læring med utgangspunkt i fagtradisjon, læreplanverk og ulike typar av læremiddel
  • kan legge til rette for bruk av problemorienterte arbeidsmåtar
  • kan bruke og vurdere digitale verktøy og kjelder i opplæringa, og bidra til at elevane kan forholde seg aktivt og kritisk til digitale media
  • kan bruke ulike typar kjelder og materiale i arbeidet med utvikling av elevars grunnleggande ferdigheiter
  • kan utvikle og bruke ulike typar av forteljingar innanfor samfunnsfaga
  • kan bruke lokalsamfunnet som læringskjelde
  • kan reflektere over og bruke ulike former for vurdering i samfunnsfaga, og bidra til at elevane kan reflektere over eiga læring og faglege utvikling i faget
  • kan vurdere samanhengen mellom mål, arbeidsformer, læremiddel og vurderingsformer
Learning outcome qualification

Studenten

  • kan bruke fagdidaktiske kunnskapar til å tolke og bruke gjeldande læreplanverk
  • ser dimensjonar ved samfunnsfaga som skulefag på ulike nivå
  • kan bruke faglege og fagdidaktiske kunnskapar til konstruktiv og kritisk refleksjon
  • har utvikla eigen vurderings- og rettleiingskompetanse, og ser korleis vurdering inngår som ein integrert del av alle læringsopplegg
  • kan identifisere, analysere og løyse problem knytt til elevar si læring og utvikling i samfunnsfaga
Working and learning activities

Undervisninga skjer på to ulike nivå: Eit nivå for felles fagdidaktikk og eit nivå for samfunnsfagdidaktikk. Studiet er praksisbasert, og faget set krav til eige studiearbeid, individuelt og i grupper. Det er obligatorisk frammøte til undervisninga på alle nivå. Oppgåvearbeid med individuell rettleiing.

Assessment requirements

Studentane skal levere tre faglege arbeid: to fagtekstar, kvar på 2000-2500 ord, og ei digital forteljing på 2-3 minutt med eit refleksjonsnotat på 600-800 ord. Eitt av arbeida skal vere knytt til praksis.

Studentane skal også skrive ein større fagtekst på 4000-4500 ord. I arbeidet med denne skal ein ta del på eit miniseminar 2. semester i studiet.

Evaluation

Studiet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maximum number of students: 
30
Person in charge: 
Kari Aslaug Hasle
Used in other programs
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Portfolio
Individual
2 Semester
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Mappevurdering: To av dei tre faglege arbeida skal leverast til vurdering saman med ein presentasjonstekst på 600-800 ord der studenten presenterer innhaldet i mappa og arbeidsprosessen, og grunngjev utvalet.

I tillegg skal den større fagteksten på 4000-4500 ord leggast fram til vurdering. Her skal det også leverast ein presentasjonstekst på om lag 450 ord.
Approval signature: 
Odd Ragnar Hunnes 01.03.17