Semesters

PPU2D-R15 Pedagogikk 2, deltid

Course code: 
PPU2D-R15
Duration: 
2 semesters
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2017 Autumn
2018 Spring
Assessment semester: 
2018 Spring
Required prerequisite courses
PPU1D-R15 Professional Teacher Qualification 1
Course content

Pedagogikk PPU2 – R15 består av 15 stp. og byggjer på emne PPU1 - R15. Innhaldet i dette emnet er strukturert i fire delområde:
 

  • Læraren som pedagogisk leiar og tilretteleggjar av læringsmiljøet
  • Skulen som organisasjon
  • Sosialisering og oppvekst
  • Skulen og samfunnet
     

Studiet i pedagogikk skal bidra til at studentane tileignar seg kunnskap om, ferdigheiter og generell kompetanse i kompetanseområda i Rammeplanen av 2015. Dette skal skje i samarbeid med fagdidaktikk og praksisfelt.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten skal ha kunnskap om:

  • leiing av klasser og elevgrupper fagleg og sosialt.
  • kommunikasjon og korleis ein som lærar kan byggje relasjonar til enkeltelevar, elevgrupper, foreldre og øvrige samarbeidsinstansar for skuleverket.
  • skulen som organisasjon og korleis denne fungerer, utviklast og endrast.
  • barne- og ungdomskultur og barn og ungdom si utvikling og læring i ulike sosiale og fleirkulturelle kontekster, her under samisk kultur.
  • barn og ungdom i vanskelege situasjonar og om deira rettar til hjelp og oppfølging.
  • nasjonalt (og internasjonalt) forskings- og utviklingsarbeid med relevans for lærarprofesjonen
  • skulen sitt mandat, opplæringa sitt verdigrunnlag og det heilskaplege opplæringslaupet.
  • lov- og planverk med relevans for skulen.
Learning outcome skills

Studenten skal kunne:

  • orientere seg i faglitteraturen og stille seg kritisk til informasjonskjelder og eksisterande teori med relevans for lærarprofesjonen.
  • bygge relasjonar, kommunisere og samarbeide med elevar, kollegaer og andre tilsette ved skulen.
  • arbeide proaktivt og systematisk med å bygge læringsmiljøet.
  • bruke og vise til relevante forskingsresultat for å treffe grunngjeve val og gjennomføre systematisk fagleg og pedagogisk utviklingsarbeid
Learning outcome qualification

Studenten kan:

  • analysere eigne behov for kompetanseheving og ha endrings- og utviklingskompetanse for å møte framtida sine behov i skule, arbeids- og samfunnsliv
  • bidra til analyse og diskusjon av utdanningspolitiske spørsmål og formål, ideologiar og praksisar i utvikling av demokratiske samfunn, lokalt og globalt
Working and learning activities

Arbeidsmåtane i studiet er ein kombinasjon av førelesningar, gruppearbeid, individuelt arbeid og dialog/presentasjon i plenum. Sjølvstudium er ein viktig del av læringsarbeidet, og det er tilrådd jamt arbeid gjennom heile semesteret, der ein arbeider med undervisningstema både i for- og etterkant av førelesningar. 

INNDELING I LÆRINGSGRUPPER

Det vert oppretta læringsgrupper med 4-6 studentar i kvar gruppe. For at læringsgruppene skal fungere godt er det avgjerande at alle medlemmene deltek aktivt. Det er viktig at emneansvarleg får tidleg beskjed dersom det er problem med samarbeid i gruppene. Læringsgruppene fører logg over frammøte og aktivitet kvar gong dei møtast. Loggen skal leverast til faglærar/emneansvarleg.

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte til all undervisning og arbeid i grupper og seminar på studiet. Ein viser elles til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6. om obligatorisk frammøte/deltaking i undervisninga, der det står at ein krev 80% frammøte/deltaking til obligatorisk undervisning i eit emne. Fråvær utover 20 % kan såleis medføre tap av eksamensrett . Det er studenten sitt eige ansvar å halde seg oppdatert om fråveret. Det er viktig å merke seg at denne orienteringa vert rekna som tilstrekkeleg varsel om at enkeltvedtak kan bli fatta om tap av eksamensrett. 

Arbeidskrav:

  1. Prosjektplan knytt til semesteroppgåva           
  2. Innlevering av abstrakt (samandrag på ca. 1 side) og deltaking i minikonferanse der semesteroppgåva presenterast.
  3. Arbeidskrav kopla til ungomskulepraksisen. Utdjupande omtale i semesterplanen.

Vurdering: Godkjend / Ikkje godkjend.  Arbeidskravet må vere godkjend for å kunne gå opp til  eksamen.

For å kunne gå opp til eksamen må PPUD-PRA1 og PPUD-PRA2 vere fullført og bestått

 

Evaluation system

Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. 

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Minimum number of students: 
60
Maximum number of students: 
60
Used in other programs
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individual
1 Semester
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Omfang på oppgåva skal vere på inntil 7000 ord.
Adjusting oral examination
Individual
30 Minutes
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100