Semesters

PPUD-DID2MU Didaktikk 2 Musikk

Course code: 
PPUD-DID2MU
Duration: 
2 semesters
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2024 Autumn
2025 Spring
Assessment semester: 
2025 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Gjennomført obligatoriske undervisnings- og læringsaktivitetar i didaktikkemne 1. 

Course content

Emnet er ein del av praktisk pedagogisk utdanning for allmenne fag, og skal saman med emna i pedagogikk og praksis, gi eit samla læringsutbytte som bidreg til at kandidatane utviklar ein trygg og tydeleg læraridentitet.

Emnet skal, saman med det andre fagdidaktikkemnet, gje kunnskap om eigne undervisningsfag sin plass i skulen, utbreiing, progresjon og grunngjeving. Emnet skal gje innsikt i korleis relevant forsking kan bidra til formidling og tilrettelegging for læring i aktuelle fag. Gjennom fagdidaktikkundervisninga skal studenten få kunnskap om, og innsikt i eit breitt spekter av undervisningsstrategiar, læremiddel og arbeidsmetodar i aktuelle fag.  Emnet byggjer på det første emnet i fagdidaktikk. I dette andre emnet i fagdidaktikk vert det forventa at studenten viser auka evne til kritisk refleksjon, og klarer setje lærarrolla og arbeidet som lærar i eit vidare perspektiv.  

Ein del av undervisninga i emnet vert gitt under overskrifta Felles fagdidaktikk, medan i andre delar av undervisninga vil studenten vere i eigne undervisningsgrupper knytt til dei ulike undervisningsfaga studenten har undervisningskompetanse i. Detaljar rundt dette vil gå fram av Praksis og samlingsruta og undervisningsplanar for dei ulike faga. 

Studentar med undervisningskompetanse i berre eitt undervisningsfag skal spesialisere seg i fagdidaktikken for dette faget, gjennom deltaking i undervisning, rettleiing, litteraturstudie og oppgåveskriving. Studentar med opptak med to fag skal utvikle kunnskapar og ferdigheiter i begge faga. Sjå under arbeidskrav for korleis dette vert gjort.  

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten har: 

  • brei kunnskap om danning og utdanning i eit samfunn basert på demokrati, bærekraftig utvikling, mangfold, likestilling og likeverd 
  • inngåande kunnskap om barn og unge si utvikling, motivasjon, læring og sosialisering med utgangspunkt i musikkfaget 
  • kunnskap om samanheng mellom individuelle, sosiale, kulturelle og fagspesifikke forhold i arbeidet med tilpassa opplæring i musikkfaget  
  • inngåande kunnskap om musikkfaget sin plass, grunngjeving og progresjon i skulen
  • kunnskap om ulike digitale arbeidsformer relevant for musikkfaget
  • brei kunnskap om undervisnings-, arbeids- og vurderingsformer generelt og fagspesifikt  
Learning outcome skills

Studenten kan: 

  • analysere og drøfte utfordringar i læreplan og øvrige styringsdokument knytt til musikkfaget sin plass i skulen
  • planlegge, gjennomføre, vurdere og grunngje undervisning i musikkfaget, både som enkeltfag og i tverrfaglege samanhengar, tufta på mål for opplæringa, lokale og individuelle behov
  • bruke varierte og relevante metodar i undervisninga, og tilpasse opplæringa i faget slik at den tek omsyn til eleven sitt læringstempo, interesse for faget og evne til kritisk tenking 
  • vurdere og bruke digitale ressurser som er aktuelle for musikkfaget, og vurdere korleis digitale ressursar fremjer læring i faget
  • gje undervegs- og sluttvurdering, informere om elevane sitt faglege nivå og utvikling, og gje faglege vurderingsgrunngjevingar
  • legge til rette for musikalsk erfaring og skaping, leie og motivere elevar i ulike typar arbeid med musikk, og skape eit trygt og inkluderande læringsmiljø for alle elevar
  • planlegge og delta i forskingsbaserte utviklingsarbeid og skapande prosessar knytt til musikkfaget, og kritisk vurdere desse i etterkant
  • gjennomføre profesjonsretta, praksisrelevante, sjølvstendige og avgrensa FoU-prosjekt i tråd med forskningsetiske normer
  • ivareta opplæringa for barn med samisk opphav, og for barn med ulike sosiale og kulturelle utgangspunkt

 

Learning outcome qualification

Kandidaten kan:

  • vise og utøve ein autonom og profesjonsetisk haldning i møte med alle elevar, føresatte og kollegaer, og kan fremje dialog, toleranse og respekt
  • orientere seg i faglitteratur og ulike musikalske praksisar, reise relevante problemstillingar, undersøke og drøfte desse kritisk og utvikle sin egen musikkfaglege praksis
  • bidra til innovasjonsprosessar og ta ansvar for samarbeid og utviklingsarbeid som fremjer fagleg og pedagogisk nyskaping i opplæringa  
  • bidra til kritisk analyse av utdanningspolitiske spørsmål og formål, ideologier og praksisar og delta i samfunnsdebattar om utdanningspolitikk
Working and learning activities

Undervisning og læringsaktivitetar vil bli gitt på to ulike nivå: i plenum (felles fagdidaktikk), og i gruppe i aktuelle faga. Ein del av læringsaktivitetane vert gitt digitalt. Oppgåveskriving med individuell rettleiing, og tilpassa studenten sin fagbakgrunn. 

Assessment requirements

Bestått didaktikkemne 1.  

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk oppmøte til undervisning og læringsktivitetar. Les om frammøtekrav i Forskrifta om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 6-6

Frammøtekrav gjeld undervisninga både i spesifikk fagdidaktikk og felles fagdidaktikk. 

Arbeidskrav:

Presiseringar av arbeidskrava vert gitt ved studiestart. 

Studenten skal

Del A) Levere to faglege arbeid tilsvarande på 1500 ord (+/- 10%), knytt til aktuelle fagdidaktiske problemstillingar.

Del B) Alternativ 1 er for studentar med berre eitt undervisningsfag (berre primærfag). Alternativ 2 er for studentar med to undervisningsfag (både primærfag og sekundærfag)

Alternativ 1 (eittfaglege):

  • Gjennomføre eit praksisretta prosjekt. Prosjektet kan gjerne vere tverrfagleg eller knytt til samarbeid mot eksterne aktørar. Prosjektet skal dokumenterast gjennom aktuelle multimodale former. Dokumentasjonen skal innehalde presentasjon for andre studentar. Dokumentasjonen må også synleggjere diskusjon og refleksjonar knytt til aktuell litteratur. Det skal vere sjølvvalt litteratur på rundt 300-500 sider knytt til arbeidet. 

eller

  • Gjennomføre to didaktiske fordjupingsarbeid knytt til faglærarrolla i primærfaget. Arbeidsmengda på dei to arbeida skal totalt tilsvare arbeidsmengde for alternativ 2. 

Alternativ 2 (tofaglege): Godkjent deltaking i obligatoriske aktivitetar og undervisning i sekundærfag tildelt gjennom opptaket, og som går fram av opptaksbrev. Ha godkjent eit fagdidaktisk arbeid tilsvarande ca 2000 ord med utgangspunkt i sekundært fag. Det er det sekundære faget som har ansvar for arbeidskravet, men arbeidskravet skal inngå i eksamensmappe i emnet studenten er meldt opp i (primærfag). 

Evaluation system
Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssystem.

Maximum number of students: 
25
Person in charge: 
Lars Ove Stene Fossheim
Used in other programs
  • Professional Teacher Qualification
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Portfolio
Individual
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Alle studentar skal velje ut ei av dei to godkjende arbeidskrava under punkt A), i tillegg skal arbeid knytt til B) inngå i mappa. Arbeidet skal leverast saman med ei presentasjonstekst på omlag 1000 ord.
Approval signature: 
Unni Hagen