Semesters
PPUD120-15 PPU: Fagdidaktikk - Norsk, 15 stp
Ingen
Norskfaget har ein særeigen plass som eit danningsfag der studiet av tekstar, i samtid og fortid, står sentralt. Studiet skal bidra til auke studentane sin fagdidaktiske refleksjon rundt norskfaget som språkfag, tekstfag og danningsfag og korleis det har forma norskfaget i ulike skuleslag. Med Kunnskapsløftet har lese- og skriveopplæring vorte ein sentral del av norskfaget og andre fag.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha:
- inngåande fagdidaktisk kunnskap for relevante fag
- inngåande kunnskap om og evne til å halde seg oppdatert på gjeldande lov- og planverk for profesjonsutøvinga
- kunnskap om norskfaget sin eigenart og mangfald, og dei utfordringane og moglegheitene dette gir som norsklærar
- kunnskap om fagplanhistorie
- kunnskap om norskfaget som redskapsfag, språkfag og danningsfag og korleis dette pregar dagens norskfag
- kunnskap om korleis ein kan bruke språklege og litterære kunnskapar i skulefaget norsk på ulike nivå
- kunnskap om korleis ein kan drive munnleg opplæring, lese- og skriveopplæring på ulike nivå og tilpassa elevar med ulike føresetnader, også til elevar med lese- og skrivevanskar eller norsk som sitt andrespråk
- kunnskap om leseopplæring, litteraturdidaktikk, skriveopplæring, munnlege og multimodale tekstar
- brei kunnskap om læringsstrategiar og arbeidsmetodar generelt og i norskfaget
Studenten kan:
- planlegge, gjennomføre og reflektere over undervisning i norskfaget basert på forskings- og utviklingsarbeid og erfaringsbasert kunnskap i norskfaget
- planleggje og gjennomføre opplæring i norskfaget basert på læreplanverk, fagleg og fagdidaktisk teori, grunngi dei og evaluere dei
- drive opplæring med grunnlag i at lesing, skriving og munnleg er grunnlag for læringsarbeid i norskfaget og andre fag
- drive tilpassa opplæring i sentrale norskfaglege emne, og knytt til elevane sin tekstproduksjon, tekstresepsjon og tekstrefleksjon
- tilretteleggje for læringsarbeid i eit fleirspråkleg klasserom
- vurdere og dokumentere elevar si læring, gi læringsfremjande tilbakemeldingar og bidra til at elevar kan reflektere over eiga læring og faglege utvikling
Studenten
- kan formidle fagdidaktiske problemstillingar på eit avansert nivå
- har ei profesjonell haldning og kan kritisk reflektere over faglege, profesjonsetiske og fag- og utdanningspolitiske spørsmål
- kan bruke fagdidaktiske kunnskapar i til å tolke og bruke gjeldande læreplanverk
- ser ulike dimensjonar ved skulefaget norsk på ulike nivå
- kan bruke faglege og fagdidaktiske kunnskapar til konstruktiv og kritisk refleksjon
- har utvikla eigen tekstkompetanse, vurderingskompetanse og rettleiingskompetanse, og ser korleis vurdering inngår som ein integrert del av alle læringsopplegg
Læringsarbeidet vil skje på to ulike nivå: i plenum (felles fagdidaktikk i sentrale emne), og i gruppe i det enkelte fag (norsk).
Oppgåveskriving med individuell rettleiing.
Det er obligatorisk oppmøte til undervisninga.
Arbeidskrav:
Studentane skal skrive tre fagtekstar på ca 2000 ord (ca. 5 sider), ei av dei knytt til praksis. Begge målformene skal vere representerte.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning.
Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6 om obligatorisk frammøte/deltaking.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | To av fagtekstane på ca 2000 ord skal leverast til vurdering saman med ein presentasjonstekst på 2-3 sider (800-1200 ord), der studenten presenterer fagtekstane og arbeidet med dei og grunngir utvalet. |