Semesters

PPUD120-15 PPU: Fagdidaktikk - Norsk, 15 stp

Course code: 
PPUD120-15
Duration: 
2 semesters
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2019 Autumn
2020 Spring
Assessment semester: 
2020 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

Norskfaget har ein særeigen plass som eit danningsfag der studiet av tekstar, i samtid og fortid, står sentralt. Studiet skal bidra til auke studentane sin fagdidaktiske refleksjon rundt norskfaget som språkfag, tekstfag og danningsfag og korleis det har forma norskfaget i ulike skuleslag. Med Kunnskapsløftet har lese- og skriveopplæring vorte ein sentral del av norskfaget og andre fag.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten skal ha:

  • inngåande fagdidaktisk kunnskap for relevante fag
  • inngåande kunnskap om og evne til å halde seg oppdatert på gjeldande lov- og planverk for profesjonsutøvinga
  • kunnskap om norskfaget sin eigenart og mangfald, og dei utfordringane og moglegheitene dette gir som norsklærar
  • kunnskap om fagplanhistorie
  • kunnskap om norskfaget som redskapsfag, språkfag og danningsfag og korleis dette pregar dagens norskfag
  • kunnskap om korleis ein kan bruke språklege og litterære kunnskapar i skulefaget norsk på ulike nivå
  • kunnskap om korleis ein kan drive munnleg opplæring, lese- og skriveopplæring på ulike nivå og tilpassa elevar med ulike føresetnader, også til elevar med lese- og skrivevanskar eller norsk som sitt andrespråk
  • kunnskap om leseopplæring, litteraturdidaktikk, skriveopplæring, munnlege og multimodale tekstar
  • brei kunnskap om læringsstrategiar og arbeidsmetodar generelt og i norskfaget
Learning outcome skills

Studenten kan:

  • planlegge, gjennomføre og reflektere over undervisning i norskfaget basert på forskings- og utviklingsarbeid og erfaringsbasert kunnskap i norskfaget
  • planleggje og gjennomføre opplæring i norskfaget basert på læreplanverk, fagleg og fagdidaktisk teori, grunngi dei og evaluere dei
  • drive opplæring med grunnlag i at lesing, skriving og munnleg er grunnlag for læringsarbeid i norskfaget og andre fag
  • drive tilpassa opplæring i sentrale norskfaglege emne, og knytt til elevane sin tekstproduksjon, tekstresepsjon og tekstrefleksjon
  • tilretteleggje for læringsarbeid i eit fleirspråkleg klasserom
  • vurdere og dokumentere elevar si læring, gi læringsfremjande tilbakemeldingar og bidra til at elevar kan reflektere over eiga læring og faglege utvikling
Learning outcome qualification

Studenten

  • kan formidle fagdidaktiske problemstillingar på eit avansert nivå
  • har ei profesjonell haldning og kan kritisk reflektere over faglege, profesjonsetiske og fag- og utdanningspolitiske spørsmål
  • kan bruke fagdidaktiske kunnskapar i til å tolke og bruke gjeldande læreplanverk
  • ser ulike dimensjonar ved skulefaget norsk på ulike nivå
  • kan bruke faglege og fagdidaktiske kunnskapar til konstruktiv og kritisk refleksjon
  • har utvikla eigen tekstkompetanse, vurderingskompetanse og rettleiingskompetanse, og ser korleis vurdering inngår som ein integrert del av alle læringsopplegg
Working and learning activities

Læringsarbeidet vil skje på to ulike nivå: i plenum (felles fagdidaktikk i sentrale emne), og i gruppe i det enkelte fag (norsk).

Oppgåveskriving med individuell rettleiing.

Det er obligatorisk oppmøte til undervisninga.

Assessment requirements

Arbeidskrav:

Studentane skal skrive tre fagtekstar på ca 2000 ord (ca. 5 sider), ei av dei knytt til praksis. Begge målformene skal vere representerte.

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte til all undervisning.
Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6 om obligatorisk frammøte/deltaking. 

 

 

 

Evaluation system
Maximum number of students: 
25
Person in charge: 
Marit-Lovise Brekke
Used in other programs
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Portfolio
Individual
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
To av fagtekstane på ca 2000 ord skal leverast til vurdering saman med ein presentasjonstekst på 2-3 sider (800-1200 ord), der studenten presenterer fagtekstane og arbeidet med dei og grunngir utvalet.
Approval signature: 
Arne Myklebust