Semesters
PPUD121-15 PPU: Fagdidaktikk – Religion, livssyn og etikk, 15 stp
Ingen
Emnet skal gje studenten inngåandekunnskap og dugleik til å undervise i KRLE-faget og RE-faget i norsk skule. Religion og livssynsfaga er både verdifag og kulturfag og emnet tar opp dei sentrale fagdidaktiske tema i formidling av religionar, livssyn, filosofi og etikk. Emnet skal bidra til å forstå den norsk kulturarva og det fleirkulturelle samfunnet, slik at studenten kan vere i stand til å skapa eit læringsmiljø som gjev elevane del i slik kunnskap og fremjar forståing og respekt mellom ulike religionar og livssyn.
Følgjande deltema særleg i fokus:
- Faga si eigenart, utvikling og legitimering. Dei ulike dimensjonane ved religionane og korleis desse bør vere synlege i undervisninga.
- LK-06, mål og utfordringar. Fritaksretten. Fagleg innhald.
- Elevføresetnadar, lærarrolle og yrkesetikk.
- Arbeidsmåtar i religions- og livssynsundervisninga, tilpassing og differensiering. Vurdering i faget.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
- inngåande kunnskap om læreplanarbeid i KRLE-faget på grunnskulen og i RE-faget på vidaregåande skule
- inngåande kunnskap om dei grunnleggande prinsippa i formidling av faga
- bred kunnskap om KRLE-fagets og RE-fagets historie
- inngåande kunnskap om ulike arbeidsmåtar og metodar i faget
- inngåande kunnskap om det å undervise i ulike religionar og livssyn
- ferdigheiter i å kunne undervise i KRLE-faget i grunnskulen frå 5.-10. årssteg
- ferdigheiter i å kunne undervise i RE-faget i vidaregåande skule i studieførebuande utdanningsprogram
- ferdigheiter til å reflektere over sentrale utfordingar i faget
- ferdigheiter i å fremje forståing og toleranse mellom ulike religionar og livssyn
- kan reflektere over pedagogiske og fagdidaktiske problemstillingar på eit avansert nivå
- har ei profesjonell holdning og kan kritisk reflektere over faglege og profesjonsetiske spørsmål
- kan byggje relasjonar til elevar og føresette, og samarbeide med aktørar som er relevante for skuleverket
Læringsarbeidet skjer på to ulike nivå: Eit nivå for felles fagdidaktikk og eit nivå for RLE-fagdidaktikk. Delar av undervisninga i fagdidaktikk er organisert som tverrfagleg tematisk fellesundervisning (felles fagdidaktikk). Det er obligatorisk frammøte til undervisning i fagdidaktikk på alle nivå
Arbeid med innhald frå alle delemna, inkludert (tema i) felles fagdidaktikk, skal dokumenterast gjennom to fagtekstar. Kvar av dei skal vere på 2000 ord. Den eine av fagtekstane skal vere knytt til studenten sitt praksisfelt. Tekstane vert skrivne med obligatorisk innlevering av utkast undervegs i skriveprosessen med fastsette innleveringsdatoar for produkta.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap 5.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | 1 Semester | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 60 | |||
Oral examination | Individual | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 40 | 2. Ein munnleg eksamen som dekkjer heile pensum og som tel 40 % av samla karakter | Det er ingen tillatne hjelpemiddel til munnleg eksamen |
1. Dei to fagtekstane (jf. arbeidskrav) vert endelige leverte som eksamenstekstar og vert vurdert samla. Denne karakteren tel 60 % av samla karakter i emnet