Semesters

PPUD125-15 PPU: Fagdidaktikk - Drama/teater, 15 stp

Course code: 
PPUD125-15
Duration: 
2 semesters
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Course name in Norwegian Nynorsk: 
PPU: Fagdidaktikk - Drama/teater, 15 stp
Teaching semester: 
2016 Autumn
2017 Spring
Course name in Norwegian Bokmål: 
PPU: Fagdidaktikk - Drama/teater, 15 stp
Assessment semester: 
2017 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

180 stp, med minimum 90 stp i drama og teater

Course content

Fagdidaktikk i drama/teater er eit deltidsstudium over to semester som gir studenten innsikt i og erfaring med ulike undervisningsformer i skulen og drama og teater som kunst- og kulturelt uttrykk. Studiet tek også opp forholdet mellom undervisning i drama i skulen, og drama og teater som kunst- og kulturuttrykk og vitskapsfag. Studiet kvalifiserer deg som drama- og teaterlærar i skule og kulturskule. 

Studentane skal arbeide med:

  • korleis nytte drama som metode for å bidra i utviklinga av dei grunnleggjande ferdigheitene til elevane
  • utarbeiding av undervisningsplanar med utgangspunkt i aktuelle læreplanar
  • planleggjing, grunngjeving, tilrettelegging og instruering av opplæring som siktar mot sceniske presentasjonar eller kulturelle produkt på ulike nivå
  • ulike modellar for teaterformidling som kan gjere teaterkunst tilgjengeleg for eit bredt barne- og ungdomspublikum
  • tilpassa opplæring til elevane sine ulike føresetnader og bakgrunn
  • vurdering
Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten

  • har kunnskap om ulike modellar for drama- og teaterformidling som kan gjere teaterkunst tilgjengeleg for eit bredt barne- og ungdomspublikum.
  • har kunnskap om drama- og dramadidaktiske teoriar og problemstillingar. 
Learning outcome skills

Studenten

  • kan nytte drama som metode for utvikling av grunnleggjande ferdigheiter som lesing og munnleg aktivitet.
  • kan tilretteleggje for arbeid med estetiske læreprosessar for elevar, individuelt og i gruppe.
  • kan vurdere arbeidet elevane gjer.
Learning outcome qualification

Studenten

  • har innsikt i læreplananalyse og i relevanre faglege og yrkesetiske problemstillingar.
Working and learning activities

Undervisinga vil ha ulike former som:

  • førelesing
  • prosjektarbeid
  • sjølvstudium
  • gruppearbeid
  • rettleiing
  • skriftleg dokumentasjon vert knytt til både det praktiske og det teoretiske arbeidet.
Assessment requirements

Frammøtekrav:

  • Emnet forutset aktiv deltaking og engasjement, og all undervisning er obligatorisk. For å kunne ta eksamen må studenten ha eit godkjent oppmøte på minimum 80%

Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6, om obligatorisk frammøte/deltaking.

Arbeidskrav:

  • 3 fagtekstar kvar på ca 1500 ord, ei oppgåve knytt til praksis, dei to andre til ulike fagdidaktiske emne vi tek opp på samlingane.
Evaluation system

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap.5

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Minimum number of students: 
6
Maximum number of students: 
12
Person in charge: 
Vibeke Preus
Hege Holmqvist Synnes
Used in other programs
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Portfolio
Individual
1 Week
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100
Kandidaten vel ut to av fagtekstane frå arbeidskrava som skal leverast til vurdering, saman med ein presentasjonstekst (100 ord) der studenten presenterer fagtekstane og arbeidet med dei, og grunngjev valet.
Alle
4000 ord.