Semesters

PPUD127-30 PPU: Fagdidaktikk - Naturfag, 30 stp

Course code: 
PPUD127-30
Duration: 
4 semesters
Credits (ECTS): 
30
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Course name in Norwegian Nynorsk: 
PPU: Fagdidaktikk - Naturfag, 30 stp
Teaching semester: 
2017 Autumn
2018 Spring
2018 Autumn
2019 Spring
Course name in Norwegian Bokmål: 
PPU: Fagdidaktikk - Naturfag, 30 stp
Assessment semester: 
2019 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

På grunnlag av gjennomførte fagstudium i naturfaga skal fagdidaktikkstudiet, saman med resten av emna i PPU, gi studentane grunnlag og ferdigheit til å planlegge og gjennomføre ei variert og reflektert undervisning i naturfag for elever i grunnskule og vidaregåande skule. Innhaldet i emnet er i stor grad konsentrert om det tverrfaglige naturfaget slik vi finn det i planverket for årsstega 5–11. Studieretningsfaga i vidaregåande skule er i mindre grad direkte tematisert, men dette vil og avhenge noko av fagkrinsen til studentane som til ei kvar tid deltek.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten skal ha

  • inngående kunnskap om sentrale fagdidaktiske tema i naturfag
  • oppdatert kunnskap om naturfaget sitt innhald på dei ulike stega i grunn- og vidaregåande skule
  • brei kunnskap om ulike metodar for undervisning i naturfag
  • ha kunnskap om naturfaga sin eigenart, historiske utvikling og plass i samfunnet
  • ha kunnskap om grunnleggjande ferdigheiter i høve naturfag
Learning outcome skills

Studenten skal

  • kunne planleggje, gjennomføre og vurdere naturfagundervisning for alle elevar, forankra i forsking, teori og praksis
  • ha gode praktiske ferdigheiter i munnleg og skriftleg kommunikasjon i faget, og kompetanse til å legge til rette undervisning som skal fremje slike ferdigheiter hos elevane
  • kunne bruke arbeidsmåtar som fremjar elevane si undring, kreativitet og evne til å arbeide systematisk med utforskande aktivitetar, grunngjevingar og argument
  • kunne analysere og vurdere elevane sine tenkjemåtar, argumentasjon og løysingsmetodar frå ulike perspektiv på kunnskap og læring
Learning outcome qualification

Studenten

  • kan reflektere over naturfagdidaktiske problemstillingar
  • har ei profesjonell holdning og kan kritisk reflektere over faglege og fagpolitiske spørsmål
  • kan med stor grad av sjølvstende vidareutvikle eigen fagdidaktiske kompetanse og bidra til  elevar si faglege utvikling
Working and learning activities

Arbeidsmåtane vil veksle mellom lærarstyrt undervisning og at studentane arbeider på eiga hand. Deler av undervisninga inneber praktisk arbeid med naturfaga, laboratoriearbeid og korte ekskursjonar og drøftingar i samband med dette, medan andre delar er organisert som førelesingar.Delar av det faglege innhaldet er av ein slik generell art at det vert undervist samla for alle faga i PPU. Denne undervisninga er organisert som tverrfagleg tematisk fellesundervisning (felles fagdidaktikk) for alle faga samla.Nokre tema vert undervist felles for naturfag og matematikk.Det er obligatorisk frammøte til all undervisning, sjå Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6.

Assessment requirements

Studentane skal skrive fire fagtekstar, tre på 1800-2500 ord kvar og skal i tillegg gjennomføre eit utviklingsarbeid som dokumenterast i ei oppgåve på 3600-5000 ord.
Meir utfyllande informasjon om desse arbeidskrava vert gitt etter studiestart og leveringsfristar går fram av semesterplanen.

Det er obligatorisk frammøte til undervisninga.

Evaluation system

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.(http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Maximum number of students: 
20
Person in charge: 
Arne Kåre Topphol
Used in other programs
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Portfolio
Individual
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Mappevurdering der mappa inneheld følgjande element:
◦utviklingsarbeidet
◦ein av dei tre korte arbeidskravtekstane valt av studenten sjølv
◦ein presentasjonstekst på 800–1200 ord der studenten presenterer fagtekstane og arbeidet med dei og grunngir valet av tekstar.

Studentar som tek 30 stp i fagdidaktikk kan ikkje gå opp til eksamen før i 4. semester (våren 2. studieår).