Semesters
PPUD130-15 PPU: Fagdidaktikk - Samfunnsfag, 15 stp
Ingen.
Emnet skal gje studenten grunnleggande kunnskap og ferdigheit til å undervise i samfunnsfaga i norsk skule. Studiet skal også bidra til å auke studentane sin fagdidaktiske refleksjon rundt samfunnsfaga. Desse fagdidaktiske områda er felles for alle: fagplanhistorie, tilpassa opplæring, didaktiske utfordringar knytte til elevar som ikkje har norsk som morsmål, dei fem grunnleggande ferdigheitene (digitale, munnlege, lese, rekne, skrive) og nasjonale prøver.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha
- inngåande kunnskap om samfunnsfaga sin eigenart, utvikling og legitimering
- kunnskap om grunngjevingar for samfunnsfaga som skulefag
- kunnskap om gjeldande læreplan og fagplanhistorie
- kunnskap om analyse av læreplanar og læremiddelfagdidaktisk refleksjon i samband med planlegging av undervisning
- forståing for samfunnsfaga si rolle som haldningsdannande fag i høve til menneskerettar, demokrati, likestilling, miljøspørsmål og det fleirkulturelle samfunnet
- kunnskap om historieforståing og historiebruk mellom barn og unge
- kjennskap til sentrale samfunnsfaglege kjelder i faget og kritisk vurdering av desse
- evne til refleksjon om tverrfaglege utfordringar
- kunnskap om vurdering av utviklingsarbeid retta mot samfunnsfaga i skulen
Studenten skal kunne
- bruke og vurdere ulike arbeidsformer innafor samfunnsfaga
- planlegge undervisning og læring med utgangspunkt i fagtradisjon, læreplanverk og ulike typar av læremiddel
- legge til rette for bruk av problemorienterte arbeidsmåtar
- bruke og vurdere digitale verktøy og kjelder i opplæringa, og bidra til at elevane kan forholde seg aktivt og kritisk til digitale media
- bruke ulike typar kjelder og materiale i arbeidet med utvikling av elevars grunnleggande ferdigheiter
- utvikle og bruke ulike typar av forteljingar innanfor samfunnsfaga
- bruke lokalsamfunnet som læringskjelde
- reflektere over og bruke ulike former for vurdering i samfunnsfaga, og bidra til at elevane kan reflektere over eiga læring og faglege utvikling i faget
- vurdere samanhengen mellom mål, arbeidsformer, læremiddel og vurderingsformer
Studenten skal kunne
- bruke fagdidaktiske kunnskapar til å tolke og bruke gjeldande læreplanverk
- sjå dimensjonar ved samfunnsfaga som skulefag på ulike nivå
- bruke faglege og fagdidaktiske kunnskapar til konstruktiv og kritisk refleksjon
- utvikle eigen vurderings- og rettleiingskompetanse, og sjå korleis vurdering inngår som ein integrert del av alle læringsopplegg
- identifisere, analysere og løyse problem knytt til elevar si læring og utvikling i samfunnsfaga
Undervisninga skjer på to ulike nivå: Eit nivå for felles fagdidaktikk og eit nivå for samfunnsfagdidaktikk. Studiet er praksisbasert, og faget set krav til eige studiearbeid, individuelt og i grupper. Det er obligatorisk frammøte til undervisninga på alle nivå. Oppgåvearbeid med individuell rettleiing.
Arbeidskrav: Studentane skal levere tre faglege arbeid: to fagtekstar, kvar på 2000-2500 ord, og ei digital forteljing på 2-3 minutt med eit refleksjonsnotat på 600-800 ord. Eitt av arbeida skal vere knytt til praksis.
Frammøtekrav: Det er obligatorisk frammøte til all undervisning.
Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6 om obligatorisk frammøte/deltaking.
Studiet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | 2 Semester | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Mappevurdering: To arbeid skal leverast til vurdering saman med ein presentasjonstekst på 600-800 ord der studenten presenterer innhaldet i mappa og arbeidsprosessen, og grunngjev utvalet. |