Semesters

PRO102 Prosjektarbeid lokalsamfunnsanalyse

Course code: 
PRO102
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
10
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2024 Spring
Assessment semester: 
2024 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen. 

Course content

I emnet skal studentane nytte kunnskap frå fleire av dei andre emna i studiet i eit prosjektarbeid, der ein gjennomfører ein lokalsamfunnsanalyse. Som førebuing til prosjektarbeidet blir det ei innføring i prosjektarbeid, prosjektstyring og prosjektleiing. I førebuinga til prosjektet blir det også gitt innføring i aktuelle verktøy og metodar for okalsamfunnsanalyse. Prosjektarbeidet (lokalsamfunnsanalysen) skal gjennomførast i gruppe og består av fire hovuddelar; førebuing av datainnsamling, datainnsamling med feltarbeid, analyse og rapportering. Lokalsamfunnsanalysen skal presenterast for medstudentar og eventuelt andre, og presentasjonsteknikk vil inngå som ein del av emnet.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten har

  • kunnskap om prosjektarbeid, prosjektorganisering, styring og leiing av prosjekt 
  • kunnskap om relevante kjelder og verktøy som skildrar utviklingstrekk og utfordringar i kommunar og lokalsamfunn
  • grunnleggande kunnskap om korleis planlegging, politiske prosessar, lover og reguleringar og økonomisk utvikling heng saman med lokalsamfunnsutvikling
Learning outcome skills

Studenten kan  

  • initiere, organisere og gjennomføre eit prosjektarbeid i samarbeid med medstudentar
  • utvikle ei problemstilling for å svare på ei samfunnsfagleg utfordring 
  • samle inn og diskutere ulike data om eit lokalsamfunn, og framstille det i ein rapport 
  • presentere eit prosjekt skriftleg, munnleg og ved bruk av digitale verktøy  
Learning outcome qualification

Studenten skal 

  • ha erfaring med å arbeide både sjølvstendig og i grupper 
  • kunne formidle fagstoff skriftleg og munnleg 
Working and learning activities

Arbeids- og læringsformene vil variere mellom klasseundervisning, seminar, litteraturstudium, rettleiing, skriftleg arbeid, feltarbeid, gruppearbeid og drøftingar i plenum. Detaljar vil gå fram av semesterplanen. I lokalsamfunnsanalysen inngår eit feltarbeid i ein kommune/lokalsamfunn nasjonalt eller internasjonalt. Detaljar for lokalsamfunnsanalysen vil gå fram av semesterplanen, og det er utarbeidd eit eige studiehefte med retningslinjer for gjennomføringa av lokalsamfunnsanalysen.

Assessment requirements

Frammøtekrav: 80 prosent frammøte til undervisings- og læringsaktivitetar.

Arbeidskrav: To arbeidskrav vurderte som godkjent/ikkje godkjent:

  • Eit gruppebasert arbeidskrav i form av ein skriftleg prosjektrapport, som også skal presenterast munnleg for medstudentar/aktuelle samarbeidspartar.  
  • Eit individuelt refleksjonsnotat knytt til lokalsamfunnsanalysen.  
Maximum number of students: 
55
Person in charge: 
Leif Longvanes
Used in other programs
  • Social studies - year course
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Portfolio
Individual
Semesters
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
50
Mappeeksamen består av to arbeidskrav.
Oral examination
Individual
1 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
50
Approval signature: 
Randi Bergem 06.03.2023