Semesters

REL111 Bibelen - tekst og tolking

Course code: 
REL111
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Course name in Norwegian Nynorsk: 
Bibelen - tekst og tolking
Teaching semester: 
2018 Autumn
Course name in Norwegian Bokmål: 
Bibelen - tekst og tolking
Assessment semester: 
2018 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

Emnet skal gje god bibelkunnskap, grunnleggjande forståing av bibelske tekster og innsikt i korleis ein kan nytte bibeltekster i KRLE- og RE-faget og i anna opplæring og formidling. Vi arbeider med eit utval tekster frå Det gamle og Det nye testamente.

Emnet er delt i tre delar

Del 1: Innføring i bibelfag

· Bibelens opphav og innhald (tekst og kanonhistorie)

· Forholdet mellom den jødiske og den kristne Bibelen

· Forholdet mellom bibelforteljing og historie i det gamle Israel

· Historie og kultur i Palestina i bibelsk tid

Del 2: Bibelfagleg tekststudium

· Grunnleggjande tekstanalyse

· Bibellesing og tolking

· Bibelen si verknadshistorie

Del 3: Bibelen i undervisning

· Korleis lese Bibelen som heilskap

· Prinsipp og arbeidsmåtar for undervisning i Bibelen (bibeldidaktikk)

· Rammene for religionsfaget i skulen og læreplanarbeid

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

 

Learning outcome knowledge

- kunnskap om Bibelen som litterær samling og som religiøst og historisk dokument

- kunnskap om innhaldet i Bibelen

- nærare kunnskap om eit utval bibelske tekster

- kjennskap til Bibelens verknadshistorie i kunst og kultur

- kunnskap om bruk av Bibelen i skulen og i trusopplæring

 

Learning outcome skills

- kunne nytte bibelfageleg litteratur i analyse og tolking av bibelske tekster

- kunne bruke ulike metodar i tolking av tekster frå Det gamle og Det nye testamente

- kunne drøfte spørsmål som gjeld tolking av Bibelen med fagleg innsikt

- ha fagleg grunnlag for å kunne planlegge og gjennomføre undervisning om bibelske tekster og tema

Learning outcome qualification

- kunne bruke tekstanalystisk kunnskap knytt til gamle tekster 

- kunne bruke kunnskapar om Bibelen på ein sjølvstendig og reflektert måte

- kunne nytte kunnskapar og ferdigheiter reflektert og kritisk i utdannings- og yrkessamanheng

Working and learning activities

Undervisninga skjer gjennom førelesingar og seminar med ulike typar studentaktivitet. Det er obligatorisk frammøte til undervisninga (80%), jf. § 4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Det primære ansvaret for læringsutbytet ligg hjå studenten gjennom eiga lesing, oppgåveskriving, samarbeid med andre studentar, førebuing og deltaking i undervisninga.

I haustsemesterert tilbyr vi studietur til Redbridge i London. Der vil vi besøke ulike trussamfunn og gudshus, som f.eks. moske, hindutempel og synagoge og bli kjent med engelsk religionsundervisning i multikulturelle skular. Turen vil koste om lag 5000 kroner. Det inkluderer flyreise tur/retur Vigra - London, overnatting og kursavgift. Vi oppmodar deg til å vere med på denne turen!

Assessment requirements

For å kunne gå opp til eksamen i emnet må studenten:

- ha bestått ein kunnskapsprøve

- ha skrive ei oppgåve på inntil 1500 ord

- ha kommentert ein medstudents tekst

- ha framført ein digital presentasjon av eit kunstverk (med tekst)

- ha levert utkast til eksamensoppgåva til rettleiing til fastsett frist

Emne, omfang på arbeida og leveringsfristar blir kunngjort i semesterplanen.

Evaluation system
Minimum number of students: 
5
Maximum number of students: 
50
Person in charge: 
Bente Afset
Used in other programs
  • Bachelor in religious studies
  • Christianity, Religion and World Views - Year Course
  • Cristianity, Religions and World Views
  • History - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individual
1 Semesters
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
50
Oppgåva skal leverast digitalt. Problemstillinga er knytt til eitt eller fleire av delemna. Omfanget på oppgåva skal vere inntil 2500 ord.
Bibel og Evangeliesynopse.
Oral examination
Individual
30 Minutes
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
50
Individuell munnleg prøve kan gjelde alle delemna.
Bibel og Evangeliesynopse.
Approval signature: 
Anne Øie