Semesters
REL111N-AVG Bibelen - tekst og tolking
Ingen
Emnet kan vere del både av halvårs- og årsstudium i RLE. Det skal gje god bibelkunnskap, grunnleggjande forståing av bibelske tekstar og innsikt i korleis ein kan nytte tekstar i skulen og i anna formidling.
Emnet er delt i tre delemne
Del 1: Innføring i bibelfag
· Bibelens opphav og innhald (tekst og kanonhistorie)
· Forholdet mellom den jødiske og den kristne Bibelen
· Forholdet mellom bibelforteljing og historie
· Historie og kultur i Palestina i bibelsk tid
Del 2: Bibelfagleg tekststudium
· Arbeid med bibeltekster (elementær tekstanalyse)
· Bibelen si verknadshistorie
· Bibellesing og tolking
Del 3: Bibelen i undervisning
· Bibelen som heilskap
· Prinsipp og arbeidsmåtar for undervisning i Bibelen (bibeldidaktikk)
- Rammene for KRLE-faget i skulen og læreplanarbeid
I smsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjende læringsutbytte etter fullført emne:
- kunnskap om Bibelen som litterær samling og som religiøst og historisk dokument
- kunnskap om innhaldet i Bibelen
- kjennskap til Bibelens verknadshistorie i kunst og kultur
- kunnskap om bruk av Bibelen i skulen og i trusopplæring
- kunne drøfte spørsmål som gjeld tolking av Bibelen og bruke ulike tolkingsmetodar på tekster frå Det gamle og Det nye testamentet
- ha fagleg grunnlag for å kunne planlegge og gjennomføre undervisning om bibelske tekster og tema
- kan bruke kunnskapar og ferdigheiter sjølvstendig i utdannings- og yrkessamanheng
- har grunnleggande digital kompetanse
Emnet er nettbasert og lagt til rette i undervisningsverktyet Fronter. Studiet vert organisert etter ein fastlagt kalender for leksjonar, kunnskapsprøver og oppgåver. Oppgåvene er også arbeidskrav. Fristar for arbeidskrav vert kunngjort ved semesterstart. Kontakten mellom studentar og høgskule skjer via Fronter. Som for andre studium ligg det primære ansvaret for læringsutbytet hjå studenten gjennom lesing, oppgåveskriving og aktiv deltaking på Fronter.
For å kunne gå opp til eksamen i emnet må studenten
- ha fått godkjent tre innleveringar knytt til eit eller fleire av delemna innan fastsett frist
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Kr. 4000.
- Cristianity, Religions and World Views
- Cristianity, Religions and World Views
- Postgraduate Education for Teachers in Christianity, Religion and Wolrd Views 2x15 stp
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Digital examination | Individual | 60 Minutes | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 1/3 | Ei digital fleirvalsprøve i Fronter | Alle | |
Home exam | Individual | 2 Days | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 2/3 | Alle | Heimeeksamen skal ha om lag 3000 ord +/- 10 %. |