Semesters
REL112 Religion og livssyn
Ingen.
Emnet skal gje god kunnskap om dei store verdsreligionane, filosofi og sekulære livssyn og moderne religiøse rørsler både i historisk perspektiv og i samtidsperspektiv.
Emnet hentar stoff frå fagområda religions- og livssynskunnskap, teologi og filosofi. Fagstoffet er fordelt på tre delemne:
Del 1: Verdsreligionar
Delemnet er henta frå religionskunnskapen, og er konsentrert om verdsreligionane jødedom, islam, hinduisme, buddhisme og aust-asiatiske religionar. Delemnet omfattar også sentrale tekstar frå religionane.
Del 2: Religion og livssyn i dag
Delemnet kombinerer stoff frå religions- og livssynskunnskap, og er konsentrert om sekulære livssyn, nyreligiøsitet og dei religionsmøta som finn stad i ein globalisert tidsalder.
Del 3: Filosofi og etikk
Delemnet kombinerer stoff frå filosofihistorie og etikk. Det blir lagt vekt på både eit historisk og eit aktuelt perspektiv.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Etter fullført studium skal studenten
- ha kunnskap om dei ulike religionane og livssyna i historisk perspektiv
- ha kunnskap om religionane sine heilage skrifter
- ha kunnskap om dei sentrale elementa i truslæra til dei store verdsreligionane og hovudtankane i dei sekulære livssyna
- ha kunnskap om korleis dei store verdsreligionane og dei sekulære livssyna blir praktisert i dag og reflektere over kulturmøta som skjer i det norske samfunnet
- ha kunnskap om nyreligiøse retningar i Noreg
- ha kunnskap om eit utval av eldre og nyare filosofar
- ha kunnskap om grunnleggjande etiske omgrep og normative etiske teoriar
Etter fullført studium skal studenten
- kunne analysere både innhaldet i religionane og livssyna og måten dei blir utøvd på, blant anna særskilt kunne drøfte islam sitt møte med Vesten
- kunne drøfte religions- og livssyndialogen i Noreg
- kunne analysere og tolke tekster frå ulike tradisjonar
- kunne formidle kunnskapane sine skriftleg
Emnet skal utvikle evna til sjølvstendig tenking omkring religionar og livssyn
Undervisninga er obligatorisk og skjer gjennom førelesingar og seminar og er organisert i samsvar med dei tre delemna verdsreligionar, religion og livssyn i dag, filosofi og etikk. Studentane vil få eit kurs i oppgåveskriving og studieteknikk. Vi arrangerer studietur til London i veke 42. Der vil vi besøke ulike trussamfunn og gudshus, som f. eks. moske, hindutempel og synagoge og bli kjent med engelsk religionsundervisning i multikulturelle skular. Turen vil koste om lag 5000 kroner, inkludert flyreise, overnatting i tomannsrom og kursavgift.
For å kunne gå opp til eksamen i emnet må studenten ha gjennomført følgjande arbeidskrav innanfor tidsfristar som vert opplyste om ved semesterstart:
- ha fått godkjent ei kunnskapsprøve
- ha fått godkjent tre faglege arbeid og ha presentert eitt av dei munnleg
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)
- Bachelor in religious studies
- Christianity, Religion and World Views - Year Course
- Cristianity, Religions and World Views
- History - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Written Exam | Individual | 4 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Digital eksamen. | Ingen |