Semesters
REL113 Tru og tradisjon
Emnet gjev kunnskap om kristen tru og tradisjon. Det presenterer historia åt kristendomen gjennom to tusenår. Emnet tek særleg føre seg reformasjontida og det konfesjonelle mangfaldet i hundreåra etter. Det gjev kunnskap om kristen truslære i eit økumenisk perspektiv, og studenten skal få grunnlag til å vurdere både prinsipielle og aktuelle spørsmål omkring kristen etikk.
Emnet kombinerer studium av kristendomshistoria med systematisk teologi. Dei to første delemna er historiske - med vekt på korleis tru og prasis har arta seg i skiftande kontekstar gjennom tidene. Dei to neste tek føre seg dogmatikk og etikk.
Del 1: Frå urkyrkje til reformasjonstid (3 p)
Delemnet framstiller kyrkja si utvikling frå forfølgd minoritet til folkekyrkje med politisk makt. Det vert lagt vekt på oldkyrkja og mellomalderkyrkja si misjonerande verksemd, og studiet vert ført fram til reformasjonen i Danmark-Noreg.
Del 2: Kyrkjeleg mangfald (4 p)
Delemnet tek utgangspunkt i den lutherske, kalvinske og engelske reformasjonen og gjev innføring i det protestantiske mangfaldet i nytida. Det vert lagt vekt på kyrkja og teologien sitt møte med nye vitskapar, sekularisering og demokratisering. Dette inkluderer ei framstilling av utviklinga frå reformasjonen til vår eiga tid i Noreg.
Del 3: Kristen tru (5 p)
Delemnet gjev innføring i truslære etter luthersk tradisjon. Dette vert relatert til økumeniske perspektiv med vekt på den nikenske truvedkjenninga.
Del 4: Kristen etikk (3 p)
Delemnet gjev ei kristen grunngjeving av etikken og drøftar utvalde tema som: Etikk og kristen tru, kristen etikk og anna etikk, menneskesyn og menneskeverd, familie og samliv, mennesket som forvaltar, arbeid og yrke, økonomi, naturen og politikk.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten dette læringsutbytet etter fullført emne:
- kunnskap om den kristne kyrkja i oldtid, mellomalder, reformasjonstid og nytid
- kunnskap om kristendommen på eit anna kontinent (enn Europa)
- kunnskap om hovuddraga i luthersk kristendomsforståing i høve til andre konfesjonar
- kan vurdere verknaden av moderne vitskap på kyrkja si rolle i samfunnet
- kan drøfte prinsipielle og aktuelle etiske spørsmål med basis i kristent normgrunnlag
- kan bruke kunnskapar og dugleikar sjølvstendig
- kan nytte kunnskap og dugleik reflektert og kritisk i utdanning og yrke
Undervisninga skjer gjennom førelesingar og seminar med ulike typar studentaktivitetar. Hovudansvaret for læringsutbytet ligg hjå studenten gjennom eiga lesing, oppgåveskriving, kunnskapsprøver, samarbeid med andre studentar og aktiv deltaking i undervisninga.
Det er obligatorisk frammøte til undervisninga (80%); jf. par. 4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
For å få gå opp til eksamen i emnet må studenten ha fått godkjent to faglege arbeid. Nærare opplysningar om tema, omfang og tidsfristar vert kunngjorde i undervisningsplanen ved starten av semesteret.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)
Emnet vert evaluert i samsvar med Kvalitetssikringssystemet ved Høgskulen i Volda.(http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)
- Bachelor in religious studies
- Christianity, Religion and World Views - Year Course
- Cristianity, Religions and World Views
- History - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Digital examination | Individual | 30 Minutes | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 1/3 | Digital kunnskapsprøve | ||
Home exam | Individual | 2 Days | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 2/3 |