Semesters
REL116 Populærkultur, livstolking og undervisning
Ingen.
Populærkulturen spelar ei vesentleg rolle for livstolkinga til mange menneske i dag. Emnet vil gi kunnskap om korleis populærkulturen i eit fleirkulturelt samfunn tematiserer religion og livstolking. Ein vil vidare drøfte religionsdidaktiske spørsmål i lys av dette. Emnet er delt i tre.
Del 1: Kulturmangfald
Del 1 gir ei kort innføring i kulturomgrepet og i kulturmangfaldet i Noreg i dag. Det vert lagt vekt på
- ulike sider ved religionane si rolle i dagens samfunn
- tilhøvet mellom religion og kultur
- sekularisering og pluralisering
Del 2: Populærkultur og livstolking
Del 2 gir innblikk i korleis populærkulturen kan vere kjelde til og arena for livstolking. Delemnet gir særleg innsikt i film som bidrag til livstolking, og i korleis meiningsdanning skjer i møte med film. Det vert lagt vekt på
- media literacy
- populærkulturen som livssynsmarknad
- tilhøvet mellom religion og media
- fiendebilete i populærkulturen
- korleis motiv frå kristen tru og etikk blir bearbeidd i film
- film som medium for livstolking
Del 3: Religionsdidaktikk
Delemnet gir hjelp til å reflektere over religionsdidaktiske spørsmål. Det blir lagt vekt på
- utfordringar som knyter seg til felles religionsundervisning i eit fleirkulturelt samfunn
- religiøs estetikk
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Etter fullført studium har studenten kunnskapar om
- rolla til religion i det fleirkulturelle Noreg
- populærkulturen sin bruk og omforming av religiøst innhald
- meiningsdanning og livstolking med utgangspunkt i populærkulturelle uttrykk
- bruk av bibelforteljingane på film og korleis dette kan brukast i undervisning
- korleis forteljing og bilde blir forstått og brukt i ulike religionar og livssyn, og korleis dette kan brukast i undervisning
- religionsdidaktiske problemstillingar
- medias påverknad på sosialiseringa til barn og ungdom
Etter fullført studium har studenten ferdigheiter
- til å kunne drøfte rolla til religion i det fleirkulturelle Noreg
- til å analysere framstillinga av religion i populærkulturen
- til å analysere religiøs kunst frå ulike tradisjonar
- til å drøfte kva konsekvensar eit pluralistisk samfunn har for religions- og livssynsundervisninga
Studenten skal ha kompetanse
- til å kunne bruke film som ein del av religions- og livssynsundervisninga
- til å kunne reflektere over forholdet mellom populærkultur og livstolking i eit fleirkulturelt samfunn
Undervisninga skjer gjennom førelesinger og seminar. Det er obligatorisk frammøte (80%) til undervisninga, jf. § 4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Det primære ansvaret for læringsutbyttet ligg hos studenten gjennom eiga lesing, oppgåveskriving, samarbeid med andre studentar og aktiv deltaking i undervisninga.
For å kunne gå opp til eksamen må studenten
- ha fått godkjent ei kunnskapsprøve innan ein frist som instituttet fastset
- ha fått godkjent to faglege arbeid og ha presentert eitt av dei munnleg
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
- Christianity, Religion and World Views - Year Course
- Cristianity, Religions and World Views
- History - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individual | 1 Semester | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 50 | Ingen. | 2500 ord. | |
Oral examination | Individual | 30 Minutes | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 50 | Ingen. |