Semesters

REL116 Populærkultur, livstolking og undervisning

Course code: 
REL116
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Course name in Norwegian Nynorsk: 
Populærkultur, livstolking og undervisning
Teaching semester: 
2019 Spring
Course name in Norwegian Bokmål: 
Populærkultur, livstolking og undervisning
Assessment semester: 
2019 Spring
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

Populærkulturen spelar ei vesentleg rolle for livstolkinga til mange menneske i dag. Emnet vil gi kunnskap om korleis populærkulturen i eit fleirkulturelt samfunn tematiserer religion og livstolking. Ein vil vidare drøfte religionsdidaktiske spørsmål i lys av dette. Emnet er delt i tre. 

Del 1: Kulturmangfald

Del 1 gir ei kort innføring i kulturomgrepet og i kulturmangfaldet i Noreg i dag. Det vert lagt vekt på

  • ulike sider ved religionane si rolle i dagens samfunn
  • tilhøvet mellom religion og kultur
  • sekularisering og pluralisering

Del 2: Populærkultur og livstolking

Del 2 gir innblikk i korleis populærkulturen kan vere kjelde til og arena for livstolking. Delemnet gir særleg innsikt i film som bidrag til livstolking, og i korleis meiningsdanning skjer i møte med film. Det vert lagt vekt på

  • media literacy
  • populærkulturen som livssynsmarknad
  • tilhøvet mellom religion og media
  • fiendebilete i populærkulturen
  • korleis motiv frå kristen tru og etikk blir bearbeidd i film
  • film som medium for livstolking

Del 3: Religionsdidaktikk

Delemnet gir hjelp til å reflektere over religionsdidaktiske spørsmål. Det blir lagt vekt på

  • utfordringar som knyter seg til felles religionsundervisning i eit fleirkulturelt samfunn
  • religiøs estetikk

 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

 

Etter fullført studium har studenten kunnskapar om

  • rolla til religion i det fleirkulturelle Noreg
  • populærkulturen sin bruk og omforming av religiøst innhald
  • meningsdanning og livstolking med utgangspunkt i populærkulturelle uttrykk
  • bruk av bibelforteljingane på film og korleis dette kan brukast i undervisning
  • korleis forteljing og bilde blir forstått og brukt i ulike religionar og livssyn, og korleis dette kan brukast i undervisning
  • religionsdidaktiske problemstillingar
  • medias påverknad på sosialiseringa til barn og ungdom
Learning outcome skills

Etter fullført studium har studenten ferdigheiter

  • til å kunne drøfte rolla til religion i det fleirkulturelle Noreg
  • til å analysere framstillinga av religion i populærkulturen
  • til å analysere religiøs kunst frå ulike tradisjonar
  • til å drøfte kva konsekvensar eit pluralistisk samfunn har for religions- og livssynsundervisninga
Learning outcome qualification

Studenten skal ha kompetanse

  • til å kunne bruke film som ein del av religions- og livssynsundervisninga
  • til å kunne reflektere over forholdet mellom polulærkultur og livstolking i eit fleirkulturelt samfunn
Working and learning activities

Undervisninga skjer gjennom førelesinger og seminar. Det er obligatorisk frammøte (80%) til undervisninga, jf. § 4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Det primære ansvaret for læringsutbyttet ligg hos studenten gjennom eiga lesning, oppgåveskriving, samarbeid med andre studentar og aktiv deltaking i undervisninga.   

Assessment requirements

For å kunne gå opp til eksamen må studenten

  • ha fått godkjent ei kunnskapsprøve innan ein frist som instituttet fastset
  • ha fått godkjent tre faglege arbeid og ha presentert eitt av dei munnleg
Evaluation system
Minimum number of students: 
5
Maximum number of students: 
50
Person in charge: 
Ralph Meier
Used in other programs
  • Bachelor in religious studies
  • Christianity, Religion and World Views - Year Course
  • Cristianity, Religions and World Views
  • History - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individual
1 Semester
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
50
Ingen
2500 ord
Oral examination
Individual
30 Minutes
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
50
Ingen
Approval signature: 
Anne Øie