Semesters
REL142 Kurs i oppgåveskriving for religionsfag
Ingen
Emnet gjev ei innføring i vitskapleg oppgåveskriving på bachelornivå. Studentane skal i kurset skrive ei oppgåve med eit religionsfagleg tema. Denne oppgåva skal utviklast til eksamenssvar på REL142. Kurset kan også takast som ein sjølvstendig del og tilpassast andre fagstudium ved høgskulen.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
- kunnskap om formelle krav ein må oppfylle ved skriving av oppgåver på 100- og 200-nivå
- kunnskap om metodiske framgangsmåtar for utforming av akademiske oppgåver
Studenten
- er i stand til å formulere og avgrense relevante problemstillingar
- kan analysere og drøfte relevante teoriar, omgrep og synspunkt for ei oppgåve
Studenten
- er i stand til å svare på ei problemstilling gjennom logisk argumentasjon
- meistrer forsvarleg bruk av ulike kjelder
Undervisninga går føre seg i seminar. Studentane får individuell rettleiing frå faglærar i arbeidet med oppgåveskrivinga. Det vil bli også bli organisert eit seminar der studentane skal kommentere kvarandre sine utkast.
Arbeidskrav: Studenten må ha levert og fått godkjent eit utkast til ei oppgåve innanfor oppgjeven frist. Utkastet skal innehalde materiale, problemstilling, metode og disposisjon.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
- Bachelor in religious studies
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individual | 1 Semester | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Med utgangspunkt i oppgåveutkastet og responsane frå lærar og studentar skriv studenten ei eksamensoppgåve på maksimum 8000 teikn utan mellomrom (ca. 4 sider). Oppgåva skal leverast innan ein fastsett frist. | Maksimum 8000 teikn utan mellomrom (ca. 4 sider). |