Semesters

REL151 Religion og livssyn I

Course code: 
REL151
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2024 Autumn
Assessment semester: 
2024 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

Religiøse og livssynsmessige overtydingar har betydning for korleis menneske tenkjer og handlar. I det fleirkulturelle samfunnet, der menneske med like overtydingar og tradisjonar lever saman, er derfor kunnskap om religionar og livssyn viktig. Men kva er religion og korleis uttrykkjer menneske religiøsiteten sin? I dette emnet drøftar ein desse spørsmåla. Emnet gjev grunnleggande kunnskap om kristendom, islam, jødedom, hinduisme, buddhisme, sikhisme, nyreligiøsitet og sekulære livssyn. Vi ser både på historisk utvikling og på korleis religionane og livssyna vert tolka og praktiserte i dag. 

Innsikt i dette fagfeltet er relevant og nyttig i mange samanhengar. Særleg aktuelt kan det vere for arbeid i helse- og sosialsektoren, i media, i kultursektoren og i skuleverket. Saman med REL152 Religion og livssyn II dekkjer emnet fagområdet for KRLE i grunnskulen. 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge
  • om teoretiske perspektiv på religionar og livssyn 
  • om mangfald, ulike retningar og uttryksmåtar i religionar og livssyn
  • om ulike religionar og livssyn i historisk og aktuelt perspektiv 
  • om heilage skrifter i religionane 
  • om hovudtankar og praksisar i religionar og livssyn og korleis læring inn i slike praksisar skjer
  • har kjennskap til ulike forståingar av religionsomgrepet og debattane om dette
  • har kjennskap til nyare forsking- og utviklingsarbeid innan feltet og kan såleis oppdatere kunnskapen sin
Learning outcome skills
  • kan anvende religionsfaglege kunnskapar og forskingsresultat 
  • kan analysere problemstillingar knytte til religion og livssyn  
  • kan finne og vurdere informasjon og fagstoff om religionar og livssyn 
  • kan skrive religionsfaglege tekster med reflektert kjeldebruk 
  • kan formidle religions- og livssynskunnskap reflektert og sakleg 
  • kan nytte relevante digitale verktøy
Learning outcome qualification
  • har innsikt i relevante religionsfaglege og yrkesetiske problemstillingar
  • har evne til å nytte religions- og livssynskunnskap sjølvstendig, reflektert og kritisk 
  • kan diskutere spørsmål knytte til religion og livssyn med innsikt og respekt 
  • har grunnleggande digital kompetanse i faget og kan nytte denne til å oppdatere seg om aktuelle hendingar innanfor religions- pg livssynsområdet lokalt og globalt
Working and learning activities

Undervisninga vert gjeven i form av forelesingar og gruppearbeid både på samlingar ved Høgskulen i Volda og digitalt. Det vert tre fysiske samlingar i semesteret, kvar på to dagar. I tillegg vert det studentarbeid og ulike digitale møtepunkt. Det primære ansvaret for læringsutbytet ligg hjå studenten sjølv gjennom lesing, oppgåveskriving, samarbeid med andre studentar, førebuing og aktiv deltaking i undervisninga. Emnet nyttar den digitale læringsplattforma Canvas. 

Assessment requirements

Frammøtekrav: Det er krav om 75% frammøte til undervisninga; jf. § 6-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda

Arbeidskrav: For å kunne gå opp til eksamen i emnet må studenten ha levert og fått godkjent følgjande arbeidskrav innan fastsette frister: 

  1. arbeid med ei akademisk tekst på omlag 400 ord
  2. eit lesarinnlegg  
  3. utkast til semesteroppgåva på omlag 1000 ord 
Evaluation system
Minimum number of students: 
5
Maximum number of students: 
50
Person in charge: 
Ragnhild Heidi Fauske
Used in other programs
  • Christianity, Religion and World Views - Year Course
  • History - bachelor
  • Language and Literature - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individual
1 Semester
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
50
Studenten vel sjølv om eksamen skrivast på norsk eller engelsk.
Alle
2500 ord (+/- 10%)
Written Exam
Individual
6 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
50
Studenten vel sjølv om eksamen skrivast på norsk eller engelsk.
Approval signature: 
Arne Myklebust