Semesters
REL151 Religion og livssyn I
Ingen
I det fleirkulturelle samfunnet, der menneske med like overtydingar og tradisjonar lever saman, er kunnskap om religionar og livssyn viktig. Dette emnet gjev grunnleggande kunnskap om kristendom, islam, jødedom, hinduisme, buddhisme, sikhisme, nyreligiøsitet og sekulære livssyn. Vi ser både på historisk utvikling og på korleis religionane og livssyna vert tolka og praktiserte i dag.
Innsikt i dette fagfeltet er relevant og nyttig i mange samanhengar. Særleg aktuelt kan det vere for arbeid i helse- og sosialsektoren, i media, i kultursektoren og i skuleverket. Saman med REL152 Religion og livssyn II dekkjer emnet fagområdet for KRLE i grunnskulen.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
om teoretiske perspektiv på religionar og livssyn
om ulike religionar og livssyn i historisk og aktuelt perspektiv
om heilage skrifter i religionane
om hovudtankar og praksisar i religionar og livssyn
om mangfald, ulike retningar og uttrykksmåtar i religionar og livssyn
kunne analysere problemstillingar knytte til religion og livssyn
kunne formidle religions- og livssynskunnskap reflektert og sakleg
kunne finne og vurdere informasjon og fagstoff om religionar og livssyn
kunne skrive religionsfaglege tekster med reflektert kjeldebruk
ha evne til å nytte religions- og livssynskunnskap sjølvstendig, reflektert og kritisk
kunne diskutere spørsmål knytte til religion og livssyn med innsikt og respekt
ha grunnleggande digital kompetanse i faget
Undervisninga skjer gjennom førelesingar og seminar med ulike typar studentaktivitet. Det er obligatorisk frammøte til undervisninga (80%); jf. § 4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Det primære ansvaret for læringsutbytet ligg hjå studenten sjølv gjennom lesing, oppgåveskriving, samarbeid med andre studentar, førebuing og aktiv deltaking i undervisninga. Emnet nyttar den digitale læringsplattforma Canvas.
Frammøtekrav: Det er obligatorisk frammøte til undervisninga (80%); jf. § 4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Arbeidskrav: For å kunne gå opp til eksamen i emnet må studenten ha levert og fått godkjent følgjande arbeidskrav innan fastsette frister:
(1) utkast til ei akademisk oppgåve på 1000 ord
(2) eit lesarinnlegg
(3) utkast til semesteroppgåva.
- Christianity, Religion and World Views - Year Course
- Cristianity, Religions and World Views
- History - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individual | 1 Semester | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 50 | Alle | 2500 ord (+/- 10%) | |
Written Exam | Individual | 4 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 50 |