Semesters
REL152 Religion og livssyn II
Ingen
Kunnskap om heilage tekster og deira tolkings- og verknadshistorie gjev grunnlag for å forstå sprikande oppfatningar mellom og innanfor religionar. I dette emnet tek vi særleg føre oss heilage tekster frå dei abrahamittiske religionane jødedom, kristendom og islam. Emnet gjev innføring i eit utval tekster frå desse religionane. Vidare tek det føre seg hovudlinjer i etikk og filosofi, kristen tru og historie og religionskritikk. I arbeid med fagstoffet vil studentane møte eksistensielle spørsmål som til dømes har med menneskesyn og økologisk berekraft å gjere. Saman med REL151 Religion og livssyn I dekkjer emnet fagområdet for KRLE i grunnskulen.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
- Om eit utval tekster frå Bibelen/Tanak og Koranen
- Om skriftene si verknadshistorie i kunst og kultur
- Om bruk av heilage skrifter i undervisning
- Om kristendommens historie og truslære
- Om grunnleggande etiske omgrep og teoriar
- Om eit utval av eldre og nyare filosofar
- Om religions- og livssynskritikk og vitskap
- Kan bruke tekstanalytiske kunnskapar til å tolke heilage tekster
- Kan drøfte spørsmål som gjeld tolking og bruk av tekster frå Bibelen/Tanak og Koranen med fagleg innsikt
- Kan vurdere og drøfte forholdet mellom moderne vitskap, religion og livssyn kritisk og reflektert
- Kan drøfte prinsipielle og aktuelle etiske spørsmål med basis i religiøst og ikkje-religiøst normgrunnlag
- Kan bruke kunnskapar og ferdigheiter reflektert og kritisk
- Har innsikt i religiøse og filosofiske sider ved europeisk kulturarv
- Kan formidle kunnskap om religion, livssyn, filosofi og etikk i yrkessamanheng
- Har grunnleggande digital kompetanse
Undervisninga vert gjeven i form av forelesingar og gruppearbeid både på samlingar ved Høgskulen i Volda og digitalt. Det vert tre fysiske samlingar i semesteret, kvar på to dagar. I tillegg vert det studentarbeid og ulike digitale møtepunkt.
Emnet nyttar den digitale læringsplattforma Canvas.
Det vert planlagt studietur til Redbridge i London. Der vil vi besøke ulike trussamfunn og gudshus, som f.eks. moské, hindutempel og synagoge og bli kjent med engelsk religionsundervisning i multikulturelle skular.
Frammøtekrav:
Det er krav om minst 75% framøte til undervisninga; jf. § 6-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Arbeidskrav:
For å kunne gå opp til eksamen i emnet må studenten ha fått godkjent to arbeidskrav til fastsette fristar:
- Ei fagtekst på 1500 ord.
- Ei fagtekst på 1500 ord
Tema/oppgåveformulering for dei to tekstene vert gjeve av emneansvarleg. Eitt av dei to arbeidskrava skal etter godkjenning presenterast for medstudentane.
- Christianity, Religion and World Views - Year Course
- History - bachelor
- Language and Literature - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individual | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 40 | 1500 ord (+/- 10 %) | |||
Oral examination | Individual | 30 Minutes | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 60 | Studenten vel sjølv om eksamen skjer på norsk eller engelsk. |
Studenten vel sjølv om eksamen skrivast på norsk eller engelsk.