Semesters
REL152 Religion og livssyn II
Ingen.
Kunnskap om heilage tekster og deira tolkings- og verknadshistorie gjev grunnlag for å forstå sprikande oppfatningar mellom og innanfor religionar. Emnet gjev innføring i tekster frå jødedom, kristendom og islam. Vidare tek emnet føre seg hovudlinjer i etikk og filosofi, kristen tru og historie og religionskritikk. I arbeid med fagstoffet vil studentane møte eksistensielle spørsmål som til dømes har med menneskesyn og økologisk berekraft å gjere. Saman med REL151 Religion og livssyn I dekkjer emnet fagområdet for KRLE i grunnskulen.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Om eit utval tekster frå Bibelen/Tanak og Koranen
Om skriftene si verknadshistorie i kunst og kultur
Om bruk av heilage skrifter i undervisning
Om kristendommens historie og truslære
Om grunnleggande etiske omgrep og teoriar
Om eit utval av eldre og nyare filosofar
Om religions- og livssynskritikk og vitskap
Kunne bruke tekstanalytiske kunnskapar til å tolke gamle tekster
Kunne drøfte spørsmål som gjeld tolking og bruk av tekster frå Bibelen/Tanak og Koranen med fagleg innsikt
Kunne vurdere og drøfte forholdet mellom moderne vitskap, religion og livssyn kritisk og reflektert
Kunne drøfte prinsipielle og aktuelle etiske spørsmål med basis i religiøst og ikkje-religiøst normgrunnlag
Kunne bruke kunnskapar og ferdigheiter reflektert og kritisk
Innsikt i religiøse og filosofiske sider ved europeisk kulturarv
Kunne formidle kunnskap om religion, livssyn, filosofi og etikk i yrkessamanheng
Grunnleggande digital kompetanse
Undervisninga skjer gjennom førelesingar og seminar med ulike typar studentaktivitet. Det er obligatorisk frammøte til undervisninga (80%); jf. § 4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Det primære ansvaret for læringsutbytet ligg hjå studenten sjølv gjennom lesing, oppgåveskriving, samarbeid med andre studentar, førebuing og aktiv deltaking i undervisninga.
Emnet nyttar den digitale læringsplattforma Canvas.
I vårsemesteret tilbyr vi studietur til Redbridge i London. Der vil vi besøke ulike trussamfunn og gudshus, som f.eks. moské, hindutempel og synagoge og bli kjent med engelsk religionsundervisning i multikulturelle skular. Vi oppmodar deg til å vere med på denne turen!
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte til undervisninga (80%); jf. § 4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Arbeidskrav:
For å kunne gå opp til eksamen i emnet må studenten ha fått godkjent to arbeidskrav til fastsette frister: Arbeidskrava består av to faglege tekster på 1500 ord kvar. Ei av desse skal presenterast for medstudentane.
- Christianity, Religion and World Views - Year Course
- Cristianity, Religions and World Views
- History - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individual | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 40 | Eitt av arbeidskrava. Fagmiljøet avgjer kva for eit av dei to arbeidskrava som skal leverast til eksamen. | 1500 ord (+/- 10 %) | ||
Oral examination | Individual | 30 Minutes | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 60 |