Semesters
REL152N Religion og livssyn II
Ingen
Kunnskap om heilage tekster og deira tolkings- og verknadshistorie gjev grunnlag for å forstå sprikande oppfatningar mellom og innanfor religionar. I dette emnet tek vi særleg for oss heilage tekster frå dei abrahamittiske religionane jødedom. kristendom og islam, Emnet gjev innføring i eit utval tekster frå desse religionane. Vidare tek emnet føre seg hovudlinjer i etikk og filosofi, kristen tru og historie og religionskritikk. I arbeid med fagstoffet vil studentane møte eksistensielle spørsmål som til dømes har med menneskesyn og økologisk berekraft å gjere.
Saman med REL151N Religion og livssyn I dekkjer emnet fagområdet for KRLE i grunnskulen.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
- om eit utval tekster frå Bibelen/Tanak og Koranen
- om skriftene si verknadshistorie i kunst og kultur
- om bruk av heilage skrifter i undervisning
- om kristendommens historie og truslære
- om grunnleggande etiske omgrep og teoriar
- om eit utval av eldre og nyare filosofar
- om religions- og livssynskritikk og vitskap
- kan bruke tekstanalytiske kunnskapar til å tolke gamle tekster
- kan drøfte spørsmål som gjeld tolking og bruk av tekster frå Bibelen/Tanak og Koranen med fagleg innsikt
- kan vurdere og drøfte forholdet mellom moderne vitskap, religion og livssyn kritisk og reflektert
- kan drøfte prinsipielle og aktuelle etiske spørsmål med basis i religiøst og ikkje-religiøst normgrunnlag
- kan anvende relevante digitale verktøy
- kan bruke kunnskapar og ferdigheiter reflektert og kritisk
- har innsikt i religiøse og filosofiske sider ved europeisk kulturarv
- kan formidle kunnskap om religion, livssyn, filosofi og etikk i yrkessamanheng
- har grunnleggande digital kompetanse
Emnet er heilt nettbasert og lagt til rette i undervisningsverktyet Canvas. Studiet vert organisert etter ein kalender med tematiske modular som består av tekster, undervisningsfilmar, testar og arbeidskrav. Det blir lagt tilrette for faglege diskusjonar i Canvasrom og i Zoom-møte i sanntid mellom studentar og faglærarar. Fristar vert kunngjorde ved studiestart i semesterplanen. Studenten har sjølv det primære ansvaret for læringsutbytet gjennom lesing, oppgåveskriving og aktiv deltaking på Canvas.
Arbeidskrav:
For å kunne gå opp til eksamen i emnet må studenten ha fått godkjent to skriftlege oppgåver kvar på 1500 ord til fastsett tidsfrist.
- History - bachelor (net-based)
- Religion and Culture - bachelor (net-based)
- Religion, Culture and Society
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Home exam | Individual | 3 Days | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Studenten vel sjølv om eksamen skrivast på norsk eller engelsk. | 2500 ord (+/- 10%) |