Semesters
REL154N Religion og samfunn
Ingen
Religionen sin plass i samfunnet er stadig under debatt. Men på kva måtar påverkar religion samfunnet? Bør religionen påverke samfunnet? Eller er det samfunnet som påverkar religionen? Dette er spørsmål som blir teke opp i emnet og diskutert i aktuelt og historisk perspektiv.
Emnet vil også gi innføring i kva syn på samfunn som finst i religionane og kva det medfører. For å få innsikt i dette vil studiet presentere teoriar og modellar for korleis religion og samfunn grip inn i kvarandre, men også korleis tilhengarar av religionane sjølve forstår dette forholdet. I emnet vil ein kome inn på historiske prosessar og aktuelle fenomen som religion som politisk ideologi, religionens betydning for identitet og tilhøyrsle, religiøs pluralisme og aktuelle spenningar. Sekularisering og sekularisme er også inkludert i emnet.
Innhaldet i emnet vil vere relevant for fleire sektorar i det plurale samfunnet, til dømes skulesektoren, den kommunale sektoren og er dessutan viktig for å kunne forstå den generelle samfunnsdebatten.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
- Om ulike sentrale omgrep som religion, samfunn, pluralisme, politikk, sekularisering
- Om sentrale bidragsytarar i forskinga på religion og samfunn, historisk og aktuelt
- Om religionens funksjon for individ og samfunn
- Om konkrete døme på religionspolitikk (til dømes sekularisme og det livssynsopne samfunnet) og religion som politisk ideologi
- Om forholdet mellom religion og stat i Noreg med skulehistoria som døme
- Om aktuelle spenningar i pluralistiske samfunn som kjønn, det liberale dilemma, syn på det offentlege og religionsdialog
- Til å analysere kritisk forholdet mellom religion og samfunn
- Til å samanlikne religionspolitiske ideologiar og praksisar lokalt og globalt
- Til å drøfte aktuelle spenningar i pluralistiske samfunn
- Bruke kunnskapar og ferdigheiter om forholdet mellom religion og samfunn som utgangspunkt for å forstå prosessar og dynamikkar i samfunnet generelt
- Til å kunne formidle kunnskapar skriftleg og munnleg
- Kunne bruke og vurdere kritisk ulike digitale kjelder aktuelle for emnet
- Evne til å nytte kunnskap og ferdigheiter reflektert og kritisk i utdanning og yrke
Emnet er nettbasert og lagt til rette i undervisningsverktyet Canvas. Studiet vert organisert etter ein kalender for leksjonar, undervisningsfilmar og arbeidskrav. Fristar vert kunngjorde ved studiestart i semesterplanen. Studenten har sjølv det primære ansvaret for læringsutbytet gjennom lesing, oppgåveskriving og aktiv deltaking i Canvas.
Arbeidskrav:
For å kunne gå opp til eksamen i emnet må studenten ha fått godkjent
- eit utkast på 1000 ord til semester-/eksamensoppgåva
- ein tekst på 1000 ord som utforskar ein aktuell situasjon eller eit aktuelt tema knytt til religion og livssyn i samtida.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 9-4.
- History - bachelor (net-based)
- Religion and Culture - bachelor (net-based)
- Religion, Culture and Society
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individual | 1 Semester | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 50 | Studenten vel sjølv om eksamen skrivast på norsk eller engelsk. | Alle | 2500 ord. |
Home exam | Individual | 6 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 50 | Studenten vel sjølv om eksamen skrivast på norsk eller engelsk. | Alle |