Semesters
REL154N Religion og samfunn
Ingen
Religionen sin plass i samfunnet er stadig under debatt. Men på kva måtar påverkar religion samfunnet? Bør religionen påverke samfunnet? Eller er det samfunnet som påverkar religionen? Dette er spørsmål som blir teke opp i emnet og diskutert i aktuelt og historisk perspektiv.
Emnet vil også gi innføring i kva syn på samfunn som finst i religionane og kva det medfører. For å få innsikt i dette vil studiet presentere teoriar og modellar for korleis religion og samfunn grip inn i kvarandre, men også korleis tilhengarar av religionane sjølve forstår dette forholdet. I emnet vil ein kome inn på historiske prosessar og aktuelle fenomen som religion som politisk ideologi, religionens betydning for identitet og tilhøyrsle, religiøs pluralisme og aktuelle spenningar. Sekularisering og sekularisme er også inkludert i emnet.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Om ulike sentrale omgrep som religion, samfunn, pluralisme, politikk, sekularisering
Om sentrale bidragsytarar i forskinga på religion og samfunn, historisk og aktuelt
Om religionens funksjon for individ og samfunn
Om konkrete døme på religion som politisk ideologi
Om forholdet mellom religion og stat i Noreg med skulehistoria som døme
Om aktuelle spenningar i pluralistiske samfunn som kjønn, det liberale dilemma, syn på det offentlege og religionsdialog
Til å analysere kritisk forholdet mellom religion og samfunn
Til å samanlikne religionspolitiske ideologiar og praksisar lokalt og globalt
Til å drøfte aktuelle spenningar i pluralistiske samfunn
Bruke kunnskapar og ferdigheiter om forholdet mellom religion og samfunn som utgangspunkt for å forstå prosessar og dynamikkar i samfunnet generelt
Til å kunne formidle kunnskapar skriftleg og munnleg
Kunne bruke og vurdere kritisk ulike digitale kjelder aktuelle for emnet
Evne til å nytte kunnskap og ferdigheiter reflektert og kritisk i utdanning og yrke
Emnet er nettbasert og lagt til rette i undervisningsverktyet Canvas. Studiet vert organisert etter ein kalender for leksjonar, undervisningsfilmar og arbeidskrav. Fristar vert kunngjorde ved studiestart i semesterplanen. Studenten har sjølv det primære ansvaret for læringsutbytet gjennom lesing, oppgåveskriving og aktiv deltaking i Canvas.
Arbeidskrav:
For å kunne gå opp til eksamen i emnet må studenten ha fått godkjent
- ei prosjektskisse til semester-/eksamensoppgåva på 1000 ord til fastsett frist
- ein tekst på 1000 ord som utforskar ein aktuell sitiuasjon eller eit aktuelt tema knytt til religion og livssyn i samtida.
- History - bachelor (net-based)
- Religion, Culture and Society
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individual | 1 Semester | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 50 | Alle | 2500 ord. | |
Home exam | Individual | 4 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 50 | Alle |