Semesters
REL206 Spiritualitet før og no
Grunnstudium (60 eller 50 studiepoeng på 100-nivå) i religion, livssyn og etikk (t.d. REL111, REL112, REL113 og REL116) eller tilsvarande.
Emnet skal gje kunnskap om kristen spiritualitet, med vekt på aktuelle spiritualitetsuttrykk.
Emnet består av 3 delemne:
Delemne 1: Kva er kristen spiritualitet? (prinsipiell del)
- Kva er spiritualitet?
- Spiritualitet som allmennmenneskeleg fenomen og som kristent trusuttrykk
- Korleis studere spiritualitet?
Delemne 2: Kristen spiritualitet frå oldkyrkja og til vår tid (historisk del)
Delemne 3: Aktuelle uttrykk for kristen spiritualitet
- verbal-rasjonell spiritualitet
- kontemplativ spiritualitet
- karismatisk spiritualitet
- estetisk/rituell spiritualitet
- handlingsretta spiritualitet
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
- har kunnskap om kva ein forstår med omgrepet kristen spiritualitet
- har kunnskap om ulike spiritualitetstradisjonar i kristendomshistoria
- har kunnskap om ulike uttrykk for kristen spiritualitet i samtida
- kan gjere greie for kva ein forstår med "spiritualitet" og for ulike syn på spiritualitet i kristen teologi
- kunne reflektere over egen faglig handsaming
- kunne finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff og framstille dette slik at det belyser ein problemstilling
- kunne beherske relevante faglige verktøy, teknikkar og uttrykksformer
- kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg, munnleg og gjennom andre aktuelle utrykksformer
- kan utveksle oppfatningar og erfaringar med andre med bakgrunn innan fagområdet
Undervisninga går over eitt semester og består av forelesningar i delemna og eit oppgåveseminar. Seminardeltaking er obligatorisk.
For å kunne gå opp til eksamen må studenten
- ha fått godkjent tre innleveringar knytt til eitt eller fleire av delemna innan fastsett frist
- ha delteke i eit obligatorisk oppgåveseminar der studenten har lagt fram eit utkast til innleveringsoppgåve og har kommentert eit oppgåveutkast frå ein medstudent
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)
- Bachelor in Religious Studies and Languages
- Religious studies - specialization
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Home exam | Individual | 2 Days | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Inntil 3000 ord. | Alle |