Semesters
REL212N-AVG Fordjupningsoppgåve i religion og livssyn (avgiftsbasert)
Grunnstudium (60 eller 50 studiepoeng på 100-nivå) i religion, livssyn og etikk (t.d. REL111N-AVG, REL112N-AVG, REL113N-AVG og REL114N-AVG) eller tilsvarande. I tillegg må studenten ta eitt valfritt emne på fordjupningsnivå anten før eller parallelt med REL212N-AVG.
Formålet med emnet er å gje studenten trening i å arbeide med ei større skriftleg oppgåve. Studenten skal fordjupe seg i eit tema, arbeide med ei problemstilling, samle inn og vurdere kjelder og litteratur. Oppgåva skal som hovudregel knytast til eitt av dei teoretiske 200-emna. Oppgåva skal oppfylle formelle reglar til utforming (litteraturtilvisingar/noteapparat, innleiing, konklusjon m.v.) som blir gjevne i eigen instruks. Temaet skal vere fastsett i samarbeid med ein oppnemnd rettleiar. Til oppgåva skal studenten ha sjølvvald litteratur på omlag 1000 sider.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
- kjenne til forskings- og utviklingsarbeid innanfor faget
- ha spesialisert kunnskap om eit avgrensa område
- ha ferdigheiter i fagleg skriving
- ha ferdigheiter i planmessig arbeid med emneavgrensing, problemformulering, stoffsamling og kjelder
- kunne reflektere over eiga fagleg handsaming og justere denne under rettleiing
- kunne finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff og framstille dette slik at det belyser ei problemstilling
- kunne beherske relevante faglege verktøy, teknikkar og uttrykksformer
- ha ferdigheiter i dei ulike stega i skriveprosessen fram mot eit ferdig produkt
- kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg, munnleg og gjennom andre aktuelle uttrykksformer
- kan utveksle oppfatningar og erfaringar med andre med bakgrunn innan fagområdet
Emnet er avgiftsbasert. Det blir gjeve eit kort kurs i oppgåveskriving og seminardeltaking i Canvas. Studenten får tildelt ein rettleiar. Omfanget av rettleiinga er avgrensa til tre –3– konsultasjonar. Det blir arrangert to obligatoriske oppgåveseminar i Canvas der kvar student skal leggja fram eit utkast av sitt eige arbeid, og der ho/han også skal vera kritikar til eit utkast av ein medstudent.
Godkjent deltaking på begge oppgåveseminara.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
4000,-
- Religious studies - specialization
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individual | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Digital eksamen. | Alle | 8000-10000 ord |