Semesters
REP201 Reportasjearbeid i framand kultur
Dersom det melder seg fleire søkjarar enn det er tal på plassar, vil karakteren i JOU111 bli lagt til grunn. Ved like resultat vil studentane sine opptakspoeng til studieprogrammet vere avgjerande for rangeringa.
Dette emnet er både eit fagstudium i journalistikk og eit kulturstudium. Det er bygd opp rundt eit sju veker langt opphald i India eller i eit anna land utanfor Europa. Målsetjinga er todelt: Studentane skal både lære å arbeide journalistisk i ein framand kultur og dei skal få innsikt i kulturkunnskap, historie, samfunnsliv og mediesystem i det aktuelle landet. Det blir også lagt vekt på å etablere direkte kontakt med mediestudentar ved ein samarbeidande institusjon, både for å få djupare innsikt i kultur og samfunnsliv og for å få tips og hjelp i arbeidet med eksamensreportasjen.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
- kandidaten har innsikt i korleis ein arbeider journalistisk i ein framand kultur
- kandidaten har kunnskap om kulturforståelse
- kandidaten har politisk, kulturell og historisk kunnskap om ein framand kultur
- kandidaten kan arbeide journalistisk i ein framand kultur
- kandidaten kan lage reportasjer med tema frå andre kulturar
- Kandidaten er i stand til å reflektere rundt og vere kritisk til korleis framande kulturar vert framstilt i media.
- Kandidaten er i stand til arbeide og ta seg fram i framande og utfordrande miljø.
Studiet blir arrangert i samarbeid med Manipal University i India. Første del av semesteret får studentane undervisning ved HVO.
Studiet er delt inn i tre bolkar:
- Ca sju veker innføring ved Høgskulen i Volda.
- Ca sju veker i India. Avreise ca 1. oktober, retur ca 20. november. I første del av opphaldet i India vil det vere felles program for heile gruppa, inkludert eit opphald på eitt eller fleire universitet. Dei siste vekene vil studentane kunne legge opp eiga reiserute og gjere eigne avtalar, t.d. i samband med arbeidet med eksamensreportasjen.
- Ca tre veker etterarbeid ved Høgskulen i Volda.
Undervisninga i Volda er forelesingar, seminar, gruppearbeid, studentpresentasjonar og oppgåveskriving. Undervisninga i India er i hovudsak forelesingar og seminar.
1. Ei større (om lag 4000 ord) eller to mindre (om lag 2000 ord) skriftlege oppgåver med utgangspunkt i emne frå pensum. Innhaldet i oppgåvene skal også presenterast munnleg i plenum. Arbeidskrava skal vere gjennomførte og godkjende av faglærar før avreise.
2. Eit notat (om lag 500 ord) om eksamensproduksjonen (reportasje). Notatet skal innehalde ein presentasjon av det aktuelle emnet, ei grunngjeving for val av emne og ein plan for korleis ein vil samle inn stoff. Ein førebels versjon skal leverast før avreise til India. Endeleg versjon skal leverast etter to veker i India. Temaet kan endrast undervegs etter godkjenning av faglærar.
3. Publisere eit journalistisk innlegg på eigen blogg om lag ein gong i veka under opphaldet. Lenke til bloggen skal sendast til fagansvarleg før avreise.
Vurderingsform for arbeidskrav: Godkjent/ikkje godkjent.
Nærare retningslinjer for oppgåvene og fristar for innlevering blir gitt ved semesterstart.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
Deltakarane på dette emnet dekkjer sjølv reise og opphaldskostnadene, samt utgifter til vaksiner og reiseforsikring. Det er eit krav at deltakarane har tatt dei naudsynte vaksinene og har reiseforsikring.
- Journalism - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Produkt/produksjon | Individual | 1 Semester | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Medieprodukt (reportasje for avis, radio, fjernsyn eller nett) skal ha eit omfang tilsvarande to til fire avissider i tabloidstorleik. Omfanget av andre reportasjeformer (radio, fjernsyn, nett) skal avtalast med faglærar før avreise. Metoderapport med omfang på om lag 3000 ord. | |||
Adjusting oral examination | Individual | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Tema for munnleg justerande eksamen vil vere både reportasjen/metoderapporten og pensum. |
Medieprodukt (reportasje for avis, radio, fjernsyn eller nett) med metoderapport. Reportasje med emne frå aktuelt land.
I metoderapporten skal studenten drøfte arbeidet med eksamensproduksjonen og legge fram si vurdering av produksjonen.
Det vert gitt førebels karakter på produksjon med metoderapport.