Semesters
RSA201 Praksisrettleiing – sosialt arbeid
Ingen.
Emnet skal gi ei grunnleggande innføring i rettleiingsteori og rettleiingsprosessar. Den auka rettleiingskompetansen vil styrke arbeidet med studentar i praksis, og også vere nyttig i rettleiing av kollegaer og i profesjonsutøving generelt. Sentrale tema er kommunikasjon, relasjon og samspel, vurdering, etiske dilemma og makttilhøve i rettleiing.
Emnet er primært for praksisrettleiarar ved Institutt for sosialfag.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha
- Kunnskap om sentrale omgrep, teoriar og tradisjonar innan rettleiing
- Inngåande kunnskap om rettleiar sine roller og funksjonar
- Inngåande kunnskap om relasjon og kommunikasjon i eit rettleiingsperspektiv
- Kunnskap om ulike fasar i praksisgjennomføring og rettleiing
- Kunnskap om makt og etikk i studentrettleiing
- Kunnskap om vurdering og skikkavurdering
Studenten skal kunne
- Planlegge, gjennomføre og evaluere individuell rettleiing
- Bruke ulike rettleiingsmetodar
- Gi tilbakemelding på ein læringsfremjande måte
- Vurdere skiljet mellom rettleiing og vurdering
- Stimulere til refleksjon over praksis
Studenten skal kunne
- Reflektere over eigen veremåte og kommunikasjon
- Vere medviten eiga rettleiarrolle, ansvar og funksjon
- Identifisere og analysere utfordringer og etiske dilemma i rettleiing
Undervisninga i emnet består av tre samlingar, med til saman 5 undervisningsdagar. Hausten 2025 vert samlingane på 2 + 1 + 2 dagar.
Undervisninga er kombinert med diskusjon og i grupper.
Frammøtekrav: 80 % deltaking i undervisningsaktivitet
Arbeidskrav:
- Notat om situasjon frå eiga erfaring med rettleiing, 400-600 ord.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Home exam | Individual | 7 Days | Pass / fail | 100 | Alle | 2500 ord +/- 10 % |