Semesters
SABVP121 Individretta emne og organisasjonskunnskap
SABVP111. Godkjende arbeidskrav i SABVP112.
Emnet har som mål å gi studentane ei nærare forståing av individuell utvikling i samspel med familie, ulike grupper, sosiale nettverk og samfunnsmessige vilkår. Studentane skal få kunnskap om sjukdoms- og helsebiletet i samfunnet. Vidare har emnet som mål å gi studentane innsikt i korleis organisasjonar og nettverk fungerer og deira funksjon i samfunnet. Barnevernspedagogstudentane (BVP) og sosionomstudentane (SOS) er i samla klasse det meste av undervisningstida, men skil lag i tema pediatri og gerontologi.
Innhald:
- utviklingspsykologi
- sosialmedisin
- organisasjonskunnskap
- spesialpedagogikk
- pediatri (BVP)
- gerontologi (SOS)
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fulført emne:
Studentane skal ha kunnskap om:
- sentrale teoriar om normal og avvikande individuell utvikling
- korleis individet fungerer i grupper og nettverk
- organisasjonar, grupper og nettverk si rolle i samfunnet
- korleis individ og nettverk påverkar kvarandre gjensidig
- korleis samfunnsforholda verkar inn på helsetilstand
Studenten skal ha ferdigheiter i å:
- analysere og reflektere over ulike vilkår for normal og avvikande utvikling av individ og grupper
- analysere og reflektere over korleis individ og nettverk påverkar kvarandre gjensidig
- analysere og reflektere over korleis grupper, nettverk og organisasjonar fungerer, og rolla dei har i samfunnet
- analysere og reflektere over faktorar som spelar inn på tilrettelegging for inkludering, og korleis slike faktorar kan fremje helse og normalutvikling
Studenten skal kunne:
- leggje til rette for deltaking og utvikling og er i stand til å analysere og ta omsyn til korleis kontekst spelar inn i slike prosessar
- leggje til rette for utsette menneske si deltaking og inkludering i viktige grupper og sosiale nettverk
- reflektere fagleg og etisk over individuelle og samfunnsmessige vilkår for deltaking og utvikling
Forelesingar, gruppeaktivitet og seminar. Delar av undervisninga blir organisert som blokkundervisning.
Arbeidskrav
- Ingen
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Social work, Child Welfare Work - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Written Exam | Individual | 6 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Digital eksamen. |
Emne som gir reduksjon | Grad av overlapp | Vektingsreduksjon |
---|---|---|
SAF121/SASOS121 |