Semesters
SAFE154 Vitskapsteori, metode og prosjektarbeid
BVP151A Introduksjon til sosialt arbeid - barnevernspedagog
eller
SOS151A Introduksjon til sosialt arbeid - sosionom
Emnet skal bidra til at studentane utviklar kunnskap om og erfaring med prosjekt som arbeidsmåte. Prosjektet er eit enkelt forskingsprosjekt som er relevant for praktisk utøving av sosialt arbeid. Arbeidet skjer i grupper, gjerne på tvers av studieretningane (SOS og BVP).
Samarbeid med andre instansar, interne utviklingsprosjekt og klientretta arbeid tek ofte prosjektform. Forskingsdelen av prosjektet har relevans fordi den gir grunnlag for å utvikle forståing for korleis forsking og kunnskap vert bygt. Vidare er sjølve forskingsprosessen i prinsippet lik den som går føre seg når ein i sosialt arbeid undersøkjer ein situasjon/ei sak.
Emnet gir såleis høve til å utvikle kompetanse i å samle informasjon (gjennom t.d. intervju, observasjon og dokument), analysere denne og drøfte det ein finn i lys av teori innanfor rammene av eit prosjekt. Etisk refleksjon med basis i forskings- og profesjonsetikk er gjennomgåande for val som vert gjort i prosjektarbeidet.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- Har kunnskap om samfunnsvitskaplege metodar og deira moglegheiter og avgrensingar
- Har forskningskunnskap, erfaringskunnskap og kunnskap frå barn, unge og familiar på deira arena som grunnlag for kunnskapsbasert praksis
- Har kunnskap om vitskapsteori og korleis kunnskap vert utvikla og forstått
- Har kjennskap til relevante fagdebattar, forskings- og utviklingsarbeid
- Har kjennskap til nytenking og innovasjonsprosessar
- Har kunnskap om korleis ein kan oppdatere sin kunnskap om barnevern som fagområde
- Har kunnskap om korleis ein kan gjere greie for vitskapleg datainnsamling, analyse og drøfting
- Har kunnskap om korleis ein kan vurdere utfordringar ved datainnsamling og analyse
- Har kunnskap om korleis ein kan gjere greie for prosjektarbeid som lærings- og arbeidsform
Studenten:
- Kan anvende digitale verktøy og relevant teknologi
- Kan arbeide prosjektorganisert i samspel med andre
- Kan gjennomføre eit enkelt forskingsprosjekt saman med andre
- Kan samle inn og analysere data i samsvar med forskingsetiske retningslinjer
- Kan presentere eigne forskingsresultat skriftleg og munnleg
Studenten:
- Kan dokumentere og formidle faglege vurderingar, munnleg og skriftleg
- Kan oppdatere seg fagleg og reflektere over eigen praksis
- Kan reflektere kritisk over korleis ein som forskar og profesjonsutøvar påverkar dei ein observerer og/eller samhandlar med
- Kan reflektere over eigne kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Kan reflektere over utfordringar i gruppeprosessar/teamarbeid
- Kan gjere kritiske vurderingar av innsamla data og svakheiter i eigen analyse
Prosjektpraksis går føre seg i grupper. Gjennomføringa er i all hovudsak studentane sitt ansvar. Studentane vel sjølv tema, utformar problemstilling og har ansvaret for organisering og framdrift.
Kvar prosjektgruppe har rettleiar, oppnemnt av instituttet.
Deltaking vert rekna på grunnlag av både undervisning og rettleiing.
Arbeidskrav knytt til gruppeeksamen:
- Prosjektplan (gruppeinnlevering)
Arbeidskrav knytt til munnleg eksamen:
- Aktiv deltaking i presentasjonar av eige prosjekt og som tilhøyrar til andre grupper sine presentasjonar
- Skriftleg arbeidskrav (essay på omlag 2000 ord med utgangspunkt i gitt tema). Kravet fell bort dersom studenten kan dokumentere minimum 80 prosent frammøte til undervisning og rettleiing
Alle arbeidskrav skal skrivast/gjennomførast på norsk. Nærare retningslinjer vil gå fram av informasjon i Canvas. Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen § 4-7 om arbeidskrav.
- Social Work - bachelor
- Social work, Child Welfare Work - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Rapport | Group | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 49 | Omlag 9000 ord | |||
Oral examination | Individual | 30 Minutes | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 51 | Tema kan vere: - Innhald i prosjektrapport - Arbeidsprosessen fram til prosjektrapport - Pensum Studenten vel sjølv om den munnlege eksamenen vert halde på norsk eller engelsk. |
Studentane vel sjølv om eksamensbesvarelsen vert skrive på norsk eller engelsk.