Semesters

SASOS111 Innføring i samfunnsvitskaplege emne

Course code: 
SASOS111
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
30
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2017 Autumn
Assessment semester: 
2017 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

Studentane skal i dette emnet utvikle kunnskap om sentrale teoriar, omgrep og perspektiv i fagemna, samt møte yrkesfeltet for å få perspektiv på forholdet mellom fagemna, studiet og yrkesfeltet i sosialt arbeid. Det vert lagt vekt på at studentane skal starte utvikling av ferdigheter innan kommunikasjon og samhandling, gruppeprosessar, gruppedynamikk og haldningar knytt til etisk forståing. Studentane skal også få lagt grunnlag i å utvikle kompetanse i studieteknikk, skriftleg framstilling og andre arbeids- og læringsformer som er viktige for studenten gjennom heile studiet.

 

Innhald:

  • psykologi og gruppedynamikk
  • rettssystem, stats- og kommunalrett
  • sosialantropologi
  • sosiologi
  • sosialt arbeid og sosialpedagogikk
  • pedagogikk
  • stats- og kommunalkunnskap
  • velferdsteori og sosialpolitikk
  • vitskapsteori

 Arbeids- og læringsformer:

  • kurs i studieteknikk og læringsmåtar
  • innføring i skriveprosess, fagskriving og kjeldebruk
  • kurs i gruppedynamikk
  • møte med og ekskursjon i yrkesfeltet
  • kurs i drama
  • rettleiing, individuelt arbeid, gruppearbeid og seminar
  • observasjonspraksis

 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

 

Learning outcome knowledge
  • Studenten har kunnskap om og kan gjere greie for sentrale teoriar, omgrep og perspektiv i fagemna pedagogikk, psykologi og gruppedynamikk, sosialt arbeid og sosialpedagogikk, sosiologi, sosialantropologi, stats- og kommunalkunnskap, rettssystem, stats- og kommunalrett, velferdsteori og sosialpolitikk samt vitskapsteori.
  • Studenten har kunnskap om og kan forklare samanhengar mellom faga, studium og yrkesfelt.
  • Studenten har kunnskap om og kan forklare grunnleggande prinsipp innan studieteknikk, fagskriving og skriveprosessar.

 

Learning outcome skills
  • Studenten kan identifisere og beskrive samanhengar mellom fag, studium og yrkesfelt.
  • Studenten viser grunnleggande forståing for  kommunikasjon og samhandling, gruppeprosessar og gruppedynamikk i arbeid med og deltaking i sentrale arbeids- og læringsformer i emnet.
  • Studenten kan ta i bruk grunnleggande prinsipp innan studieteknikk, fagskriving og skriveprosessar i sentrale arbeids- og læringsmåtar som vert nytta i studiet.
  • Studenten kan planlegge og gjennomføre munnleg presentasjon og diskusjon av eige/eller gruppebasert fagleg arbeid i samband med arbeid og deltaking i sentrale arbeids- og læringsformer i emnet.

 

Learning outcome qualification
  • Studenten viser grunnleggande forståing for sosialt arbeid og sosialpedagogikk i lys av samfunnsvitskaplege perspektiv og strukturelle rammer for sosialt arbeid.

 

Working and learning activities

I studiet nyttar ein fleire arbeidsmåtar; førelesingar, sjølvstudiar, seminar og arbeid med individuelle oppgåver og gruppearbeid.

Undervisinga vil bli organisert i fem temabolkar: Bolk 1 - Sosialt arbeid og sosialpedagogikk, Bolk 2 - Samfunnsvitskaplege perspektiv i sosialfagleg arbeid, Bolk 3 - Strukturelle rammer for sosialfagleg arbeid, Bolk 4 - Fagleg fordjuping og eksamensførebuing og Bolk 5 - Observasjonspraksis.

Læringsgrupper: Gruppe- eller teamarbeid er ein svært vanleg og sentral arbeidsmåte i yrkesfeltet for sosialarbeidarar - både innan profesjonen, men også på tvers av profesjonar. I første semester vert studentane difor delte inn i mindre læringsgrupper. Føremålet med gruppene er at dei skal vere forum for læring, for meiningsutveksling om faglege spørsmål og for trening i å delta i og samarbeide i gruppe.

Seminar og seminargrupper: Fleire læringsgrupper utgjer ei seminargruppe. Seminar vert nytta i samband med ulike studentaktive læringsformer, som møte med yrkesfeltet, ekskursjonar, kurs i studieteknikk og fagskriving. Seminargruppene vert også nytta i dramaundervisninga.

Deltaking vert rekna for heile emnet med unntak av kurs i gruppedynamikk, dramakurs og artikkelseminar, der deltakinga vert rekna for seg. Nærare retningslinjer vil gå fram av semesterplanen.

Arbeidskrav 1 til 4 i SASOS111 må vere godkjende for å få starte på SASOS112.

 

Assessment requirements

Gjennomføring og/eller godkjenning av arbeidskrav:

  1. Credo-prosjektet: intervju og refleksjonsnotat.
  2. Individuell skriftleg oppgåve  (evt. anna type skriftleg arbeid delt opp i fleire mindre tekstar).
  3. Skriftleg oppgåve i gruppe med presentasjon i seminar.
  4. Skriftleg arbeidskrav ved slutten av emnet (pensumprøve eller liknande). Kravet fell bort dersom studenten kan dokumentere minimum 80% frammøte til undervisningsaktivitetar.
  5. Munnleg fagpresentasjon frå observasjonspraksis i seminar.

 

Det nærare innhaldet i arbeidskrava går fram av semesterplanen. Arbeidskrava må vere innleverte og godkjende til fastsett tid, slik det går fram av semesterplanen.

Arbeidskrav 1 - 4 må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen.

Arbeidskrav 5 i SASOS111 er eitt av krava som må vere godkjende for å kunne framstille seg til eksamen i SASOS112.

 

Obligatorisk deltakingsplikt:

Det er knytt obligatorisk deltakingsplikt til følgjande undervisingsaktivitetar:

  1. kurs i gruppedynamikk
  2. kurs i drama
  3. artikkelseminar

 

Evaluation system

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap. 5.

 

Evaluation

Det er etablert fagutval som er samansett av lærarar og tillitsvalde på utdanninga. Emnet har studentforum og eige evalueringsseminar på klassenivå.

Maximum number of students: 
60
Person in charge: 
Margrete Homlong Øyehaug
Used in other programs
  • Social Work - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Written Exam
Individual
6 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Digital eksamen.
Noregs lover eller særtrykk av lovverket
Approval signature: 
Odd Ragnar Hunnes 24.02.17