Semesters
SASOS125 Utfordringar i yrkesfeltet - sosionom
SAF112Godkjende arbeidskrav i SAF122
Emnet har som mål å gi studentane ei nærare forståing for samhandling og planlegging innanfor område som omfattar m.a. familievern, barnevern, rusomsorg og sosialteneste. Det er eit mål at studentane skal tileigne seg kunnskap og utvikle innsikt og kompetanse som gjer at dei kan forstå og utøve sosionomen sine yrkesfunksjonar. Brukarorientering, etisk refleksjon og kunnskapsbasert analytisk tilnærming står sentralt i emnet.Innhald: Sosialfaglege emne: individuelt sosialt arbeid, barnevernsarbeid, sosialt arbeid med grupper, samfunnsarbeid og sosialt arbeid i Nav, arbeidsinkludering og aktivisering Juridiske emne: velferdsrett, barne- og familierett, sosialrett og omsorgstenestelova, samtykke og tvang, m.a. tvang i barnevernet og overfor rusmiddelavhengige, økonomiske støtteordningar, gjeldsproblem og bustadsosiale reglar Sosialt arbeid med familiar Omsorgssvikt, overgrepsproblematikk, kriser Rusbehandling, rehabilitering, psykisk helsevern Kommunikasjonstrening/samtaleøvingar Yrkesutfordringar, fagleg skjønn, etisk refleksjon og etiske dilemma
Etter emnet skal studenten ha tilegna seg: kunnskap om årsaker til - og konsekvensar av omsorgssvikt kunnskapar om korleis ein kan samtale med barn og foreldre i vanskeleg livssituasjonar kunnskap om sakshandsaming i barnevernet kunnskap om sosialt arbeid med grupper kunnskap om førebyggande arbeid retta mot grupper og enkeltindivid kunnskap om sosialt arbeid i dei nye arbeids- og velferdstenestene - NAV kunnskap om rehabilitering av rusavhengige og menneske med psykiske vanskar føresetnad til å sette ulike tilnærmingsmåtar til sosialfagleg arbeid inn i etisk perspektiv, myndiggjering
Førelesingar, seminar, praksisretta gruppeaktivitet og samtaleøving. Delar av undervisninga kan bli gitt som blokkundervisning.Deltakinga vert rekna for heile emnet med unntak av sosialt arbeid med grupper og samtaleøvingar, der deltakinga vert rekna for seg.
Det er etablert fagutval som er samansett av lærarar og tillitsvalde på utdanninga. Emnet har eit eige evalueringsseminar på klassenivå.