Semesters

SASOS131 Klientretta praksisstudium

Course code: 
SASOS131
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
30
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2020 Autumn
Assessment semester: 
2020 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

SASOS111, SASOS112, SASOS121, SASOS122 og SASOS125

Course content

Gjennom direkte kontakt med yrkesfeltet og brukarar av sosialfaglege tenester skal studentane vidareutvikle sin kompetanse. Dei skal relatere dei teoretiske kunnskapane frå studiet til praktisk sosialt arbeid. Gjennom refleksjon og analyse skal studentane sjå samanheng mellom situasjonar, rammer og arbeidsmåtar i sosialt arbeid.

INNHALD

  • førebuingsseminar til praksisstudium 
  • eksternt rettleia praksisstudium ved relevant praksisplass
  • refleksjonsseminar etter avslutta praksisstudium
Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten skal ha kunnskap om:

  • kommunikasjon og samhandling
  • strukturelle og kulturelle vilkår for yrkesutøving
  • korleis relevante yrkesfaglege problemstillingar kjem til uttrykk
  • korleis etiske problemstillingar kan arte seg og handterast
  • korleis eigen kunnskap står i relasjon til og kan nyttast i yrkesfaglege utfordringar
  • korleis tverrprofesjonelt samarbeid kan nyttast i sosialt arbeid
Learning outcome skills

Studenten skal ha ferdigheiter i:

  • generell yrkesutøving
  • å ta i bruk teoretisk kunnskap frå studiet til praktisk sosialt arbeid
  • å vurdere etiske problemstillingar og ta omsyn til desse i handling
  • å leggje til rette for god kommunikasjon med og gode praktiske løysingar for brukarar
  • å vurdere eigen kompetanse i relasjon til andre profesjonars kompetanse
  • å bruke loggføring for å stimulere til kritisk refleksjon over yrkesutøving
Learning outcome qualification

Studenten skal ha generell kompetanse og kunne:

  • bruke erfaringar frå utøving i praksisfeltet til etisk refleksjon og sjølvrefleksjon
  • reflektere over eigne kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • ta ansvar for si eiga personlege og faglege vidareutvikling
  • vere bevisst eigne haldningar, roller og veremåtar i møte med andre
  • vise evne til kunnskapsbasert yrkesutøving
Working and learning activities

Klientretta praksisstudium er i femte semester. Emnet strekkjer seg over 17 veker; om lag to veker førebuing ved høgskulen, 14 veker opphald ved praksisplass og om lag ei veke etterarbeid ved høgskulen.

I tillegg til rettleia praksisstudier ved eksterne institusjonar er emnet organisert med førelesingar, seminar, praksisretta gruppeaktivitet og samtaleøving. Undervisninga er organisert felles for sosionom- og barnevernspedagogstudiet.

Sjå "Retningsline for klientretta praksisstudium ved Bachelor i sosialt arbeid (barnevernspedagog og sosionom)" om frammøtekrava i praksisopphaldet.

 

 

Assessment requirements

Arbeidskrav - må vere innleverte og godkjende til fastsett tid.
1. Gruppearbeidskrav - skikkaheit 400-600 ord
2. Gruppearbeidskrav - etikk 400-600 ord
3. Gruppearbeidskrav - profesjonelle samtalar 400-600 ord
4. Gruppearbeidskrav - teieplikt 400-600 ord
5. Førebuingsnotat
6. Praksisavtale
7. Individuell skriftleg oppgåve 2500 ord +/- 10%
8. Sjølvvalt pensum 500 sider +/- 5%
9. Praksisgjennomføring, jf. Retningsline for klientretta praksisstudium

Obligatorisk deltaking:
Seminar for refleksjonar etter praksisstudiet

Det er krav om 80 % deltaking på refleksjonsseminaret etter praksisstudiet  jf. §4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

 

Evaluation system
Maximum number of students: 
60
Person in charge: 
Gerd Skjong
Ingun Klepp
Used in other programs
  • Social Work - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praksis
Individual
14 Weeks
Pass / fail
Praksisgjennomføring: Instituttet godkjenner/godkjenner ikkje etter tilråding frå ekstern rettleiar og kontaktlærar.
Oppgave
Individual
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Praksisoppgåve
Oppgåve 4000 ord
Approval signature: 
Randi Bergem 24.02.2020