Semesters

SKR302 Vitskapsteori og metode

Course code: 
SKR302
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Master
Teaching semester: 
2021 Autumn
Assessment semester: 
2021 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian / English
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

Vitskapsteori er systematiske studiar av vitskapleg tenking, kunnskap og verksemd. I dette emnet er merksemda særleg retta mot dei delane av vitskapsteorien som knyter seg til humaniora og samfunnsvitskap. Sentralt står problemstillingar som oppstår når språk, skrift og tekst skal forståast som kulturelle fenomen og emnet vil gje innsyn i nokre utvalde teoretiske og metodiske tilnærmingar som er aktuelle i denne samanhengen. Emnet gjer studentane i stand til å analysere vesentlege føresetnader både for eiga og andre si forsking på skriftkulturar, samstundes som det gjev innsikt i meir generelle vitskapsteoretiske problemstillingar. Gjennom samanlikning med naturvitskap får studentane utvida perspektiv på grunnproblem som kjenneteiknar forsking innanfor humaniora og samfunnsvitskap.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Kandidaten

  • har god innsikt i ulike vitskapsteoretiske perspektiv og i vitskapsteoretiske omgrep og standardar
  • har inngåande kunnskapar om vitskapsteoretiske og metodiske problemstillingar innanfor humaniora og samfunnsvitskap
  • har inngåande kunnskap om eit utval teoretiske og metodiske innfallsvinklar frå språkleg funderte fag og disiplinar innanfor humaniora og samfunnsvitskap som er relevante for forsking på skriftkulturar
  • har god innsikt i forskingsetiske problem innanfor humaniora og samfunnsvitskap og korleis slike utfordringar kan handsamast
Learning outcome skills

Kandidaten

  • kan vurdere og diskutere vitskapsteoretiske og metodiske problemstillingar i språk-, tekst- og skriftkulturforsking
  • kan gjere grunngjevne val av relevante teoriar og metodar for forsking på skriftkulturar
Learning outcome qualification

Kandidaten

  • kan analysere tekstar og argument og framstille eigne argument på ein ryddig, logisk og samanhengande måte både munnleg og  skriftleg på norsk eller engelsk
  • kan byggje opp ein skriftleg argumentasjon på ein klar, logisk og forståeleg måte
  • kan skrive klar og presis akademisk sakprosa 
Working and learning activities

Undervisninga er organisert som vekessamlingar, og under samlingane vil ein nytte varierte undervisnings- og arbeidsformer, slik som førelesingar, seminar, oppgåveløysing og studentpresentasjonar. Det blir lagt opp til interaktiv læring mellom samlingane via læringsplattforma Canvas, der vi legg ut fagstoff og oppgåver og opprettar faglege diskusjonsforum.

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Undervisninga er ikkje obligatorisk, men vi rår sterkt til at studenten møter godt budd til all undervisning.

Arbeidskrav:

Emnet har to arbeidskrav:

  1. Studenten vel ein pensumartikkel og formulerer ei problemstilling knytt til han. Problemstilllinga skal danne grunnlag for ein munnleg presentasjon av artikkelen. Artikkel og problemstilling skal godkjennast av faglærar.
  2. Kvar student gjev ein munnleg presentasjon av pensumartikkelen, før han/ho leier ein fagleg diskusjon om innhaldet.
Minimum number of students: 
3
Maximum number of students: 
25
Person in charge: 
Stig Jarle Helset
Used in other programs
  • Written Cultures - master
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Home exam
Individual
6 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100
Eksamen skal skrivast på bokmål eller engelsk.
Approval signature: 
Arne Myklebust