Semesters
SKR303 Språkvitskap og skriftkulturar
Studenten må ha fullført det eine av dei to emna SKR301 Skriftkultur og SKR302 Vitskapsteori og metode.
Valemnet SKR303 Språkvitskap og skriftkulturar tek føre seg tilhøvet mellom språksystem og skriftspråklege tekstar og mellom skriftspråk, normeringa av dei og samfunna dei er ein del av. Studentane får kunnskap om korleis forholdet mellom språksystema og tekstane som realiserer dei, kan utforskast gjennom språkvitskapleg teori. Det blir lagt vekt både på språkvitskapleg funderte analysar av tekst og diskurs og på analyse av ulike fenomen i skriftspråklege korpus. Slike korpus er sentrale grunnlag også for normering av skriftspråk. Sentrale disiplinar på emnet er språkhistorie, språksosiologi, sosiolingvistikk, språkplanlegging, bruksbasert grammatikk, diskursanalyse og korpuslingvistikk. Det er såleis forankra i disiplinar som sameinar humanistiske og samfunnsvitskaplege perspektiv.
Tilhøvet mellom skriftspråk, normeringa av dei og samfunna og kulturane dei er ein del av, blir studert med nynorsk og engelsk skriftspråk som sentrale eksempel og utgangspunkt for komparasjon. Såleis får studentane høve til å sjå mindre brukte språk i lys av dominerande verdsspråk. Det vil bli lagt vekt på å få fram dei ulike vilkåra for framvokster av språknormer og språknormering i engelsk og nynorsk. I forlenginga av dette vil ein sjå nærmare på vilkåra for andre sub- og motkulturar knytt både til ulike grupper i samfunnet og til ulike medium. Emnet legg hovudvekta på utvikling av skriftspråk og skriftkulturar etter ca. 1800, men ser dette i samanheng med tidlegare utvikling.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten
- har god kunnskap om tilhøvet mellom språket som system og realiseringa av det i skriftspråklege tekstar
- har god kunnskap om korleis språklege fenomen kan studerast i skriftspråklege korpus
- har god kunnskap om tilhøvet mellom skriftspråk, normeringa av dei og samfunna dei er ein del av
- har godt innsyn i korleis ulike skriftkulturar i posisjon og opposisjon står i forhold til kvarandre, m.a. knytt til førestillingar om språklege domene
- har godt innsyn i framveksten til skriftspråka engelsk og nynorsk og korleis politiske og sosiale tilhøve har påverka utbreiinga og statusen til desse, med hovudvekt på tida etter ca. 1800
Kandidaten
- kan analysere skriftspråklege fenomen og tekstar ved hjelp av språkvitskaplege teoriar
- kan analysere og vurdere vilkåra for dominerande skriftspråk jamført med vilkåra for mindre brukte skriftspråk, med særleg vekt på tida etter ca. 1800
- kan diskutere og vurdere språklege normeringsprosessar innanfor norsk og engelsk skriftspråk, med særleg vekt på tida etter ca. 1800
- kan reflektere kritisk over relevant faglitteratur
Kandidaten
- kan byggje opp ein argumentasjon skriftleg på ein klar, logisk og forståeleg måte
- kan bruke og vise til kjeldemateriale på ein konsekvent, tydeleg og logisk måte
- kan skrive klar og presis akademisk sakprosa på korrekt norsk eller engelsk
Undervisninga blir gjeve gjennom tre vekessamlingar med førelesingar, dialog, prosessarbeid, studentpresentasjonar og seminar. Studentens arbeid med semesteroppgåva er ein sentral del av studiet. Han/ho får tilbakemelding frå rettleiar på framlegg til oppgåveemne, problemstilling og munnleg presentasjon av prosjektet. Studenten får deretter individuell rettleiing på eit obligatorisk utkast til semesteroppgåva. For å oppnå interaktiv læring mellom samlingane, kommuniserer vi med studentane via læringsplattforma Canvas, der vi legg ut fagstoff, oppgåver og opprettar faglege diskusjonsforum.
Frammøtekrav:
Undervisninga er ikkje obligatorisk, men vi rår sterkt til at studenten møter godt budd til all undervisning.
Arbeidskrav:
Emnet har tre arbeidskrav:
- Studenten leverer forslag til oppgåveemne, problemstilling og ein grov disposisjon for semesteroppgåva innan ein fastsett frist. Oppgåveval og problemstilling skal godkjennast av faglærar.
- Kvar student skal gje ein munnleg presentasjon av oppgåveprosjektet sitt, med påfølgjande respons frå faglærar og medstudentar.
- Studenten skal innan ein fastsett frist levere eit utkast til semesteroppgåva på minst 2000 ord.
- Written Cultures - master
- Written Cultures - master (part-time)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individual | 1 Semester | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Semesteroppgåva skal skrivast på norsk (dvs. valfritt nynorsk eller bokmål) eller engelsk. | Semesteroppgåve på 5000 ord +/÷ 10 prosent. Litteraturliste og eventuelt noteapparat kjem i tillegg. |