Semesters
SOS151 Introduksjon til sosialt arbeid - sosionom
Ingen
Målet med emnet er at studentane skal få kunnskap om sentrale teoriar, omgrep og perspektiv i ulike fagemne som inngår i sosialt arbeid. Ein stor del av dette er å få ei oversikt over rammene som sosionomar, og brukarane dei har med å gjere, må orientere seg i. Studentane skal møte sosionomar frå yrkesfeltet for å få eit perspektiv på forholdet mellom fagemna, studiet og yrkesfeltet for sosionomar. Gjennom emnet skal studentane arbeide med problemstillingar som aukar deira forståing av korleis sosiale problem oppstår, og å analysere desse på individnivå og samfunnsnivå.
Det vert lagt vekt på at studentane utviklar ferdigheiter i kommunikasjon, samhandling og gruppeprosessar, og utviklar evne til etisk refleksjon. Sist, men ikkje minst skal emnet bidra til at studentane får eit godt grunnlag for utvikling av kompetanse i studieteknikk, skriftleg framstilling og andre arbeids- og læringsformer som vert nytta i studiet.
Innhald:
sosialt arbeids faghistorie, teori, samfunnsmandat, kunnskaps- og verdigrunnlag
psykologi og gruppedynamikk
rettssystem, stats- og kommunalrett
sosialantropologi
sosiologi
pedagogikk
stats- og kommunalkunnskap
velferds- og sosialpolitikk
organisasjonskunnskap
vitskapsteori og etikk
Arbeids- og læringsformer:
sjølvstudium, gruppearbeid og deltaking på seminar
ekskursjonar i yrkesfeltet
kurs i drama og gruppedynamikk
rettleiing og vurdering i individuelt arbeid og grupperaktivitetar
øvingar i refleksjon og sjølvrefleksjon
kurs i studieteknikk, fagskriving og kjeldebruk
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har kunnskap om:
sentrale teoriar, omgrep og perspektiv i sosialt arbeid
sosialt arbeid som fagområde, sosialt arbeids historie, samfunnsansvar og plass i samfunnet
vitskapsteori, korleis kunnskap vert utvikla og forstått, og moglegheiter og grenser for samfunnsvitskapleg metode
grunnleggjande prinsipp i studieteknikk, fagskriving og skriveprosessar
sosionomen sin eigenart, rolle og plass i organisasjonen
sjølvrefleksive prosessar om korleis valet om å bli sosialarbeidar er kopla til eiga livshistorie, og korleis livshistoria verkar inn på relasjonar ein skapar og val ein gjer i utøving av sosialt arbeid
kommunikasjon, relasjon, samhandling og gruppedynamikk i utøving av sosialt arbeid
sentrale teoriar, erfarings- og brukarkunnskap, og korleis dei bidreg som ulike perspektiv til kunnskapsgrunnlaget i sosialt arbeid
velferdsstatleg oppgåvefordeling, korleis statlege og kommunale myndigheiter vert organisert og regulert, og betydninga dette har for yrkesutøvinga
velferdspolitikk, velferdsmodellar og ulike velferdspolitiske mål og verkemiddel
korleis samfunnsmessige strukturar og prosessar kan skape og halde ved like sosiale problem, med særleg forståing for menneske i utsette situasjonar
profesjonsetikk og etiske utfordringar i utøving av sosialt arbeid
Studenten skal kunne:
reflektere over maktforhold, profesjonalitet og eiga rolle som yrkesutøvar
reflektere over og ta omsyn til dynamikken i ei gruppe, eigen plass i gruppa og påverknaden ein har på andre gruppemedlemmer og dynamikken i gruppa
tileigne seg ny kunnskap, gjere greie for fagomgrep og teoriar, og bruke desse til å forklare fenomen i sosialt arbeid
bruke relevant lovverk og regelverk til å reflektere over faglege problemstillingar
bruke ny fagleg kunnskap på ein metodisk og vitskapeleg måte
bruke grunnleggande prinsipp i studieteknikk, fagskriving og skriveprosessar for å tileigne seg, dokumentere og formidle fagleg kunnskap både munnleg og skriftleg
Studenten:
har innsikt i menneskesyn, verdiar og profesjonsetikk i sosialt arbeid
kan reflektere kritisk over si profesjonelle rolle i møte med institusjonelle og politiske krav i tenesteutøvinga
kan reflektere over eiga rolle i gruppearbeid og dynamikken i gruppeprosessar
kan setje kunnskap om sosiale problem og sosialt arbeid inn i kontekst, og gjere vurderingar av korleis strukturelle forhold verkar inn på sosiale problem, sosial rettferd og yrkesutøving
har innsikt i maktstrukturar i administrative samarbeids- og beslutningsprosessar
I studiet nyttar ein fleire arbeidsmåtar; førelesingar, sjølvstudiar, seminar og arbeid med individuelle oppgåver og gruppearbeid. Undervisinga vil bli organisert i modular med ulik fagleg fordjuping:
Modul 1 – Sosialfagleg arbeid
Modul 2 - Samfunnsvitskaplege perspektiv i sosialfagleg arbeid (felles med BVP151)
Modul 3 - Strukturelle perspektiv og rammer for sosialfagleg arbeid (felles med BVP151)
Modul 4 - Fagleg fordjuping i sosialfagleg arbeid
Gruppe- eller teamarbeid er ein sentral arbeidsmåte i yrkesfeltet for sosialarbeidarar - både innanfor enkeltprofesjonar, men også på tvers av profesjonar. I første semester vert sosionomstudentane difor delte inn i læringsgrupper. Føremålet med gruppene er at dei skal vere forum for læring og meiningsutveksling om faglege spørsmål. Fleire læringsgrupper utgjer ei seminargruppe. Seminar vert nytta i samband med ulike studentaktive læringsformer.
Arbeidskrav:
Arbeidskrav 1a: Credo. 1b: Skriftleg innlevering som kan trekkast til mappeeksamen.
Arbeidskrav 2: Skriftleg innlevering som kan trekkast til mappeeksamen.
Arbeidskrav 3: Skriftleg gruppeinnlevering som kan trekkast til mappeeksamen.
Enten arbeidskrav 1b, arbeidskrav 2 eller arbeidskrav 3 vert trekt ut til mappeeksamen.
Nærare om innhald, gjennomføring og godkjenning av arbeidskrav vil gå fram av informasjon i Canvas. Arbeidskrava må vere innleverte og godkjende til fastsett tid.
Obligatorisk deltaking:
For undervisingsaktivitetar i ferdigheitstrening er det krav om minimum 80 % samla frammøte. Dette gjeld følgjande undervisingsaktivitetar:
Kurs i gruppedynamikk og refleksjon over gruppeprosessar
Workshop om yrkesfeltet for sosionomar
Møte med yrkesfeltet og tilhøyrande seminar
Seminar om heimkommunar
Kasus- og artikkelanalyse med avsluttande seminar
Nærare retningslinjer vil gå fram av informasjon i Canvas. Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-6 om obligatorisk frammøte/deltaking.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Social Work - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Home exam | Individual | 5 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 60 | Digital eksamen. | ||
Portfolio | Individual | 1 Semesters | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 40 | Alle | 3000 ord |