Semesters
SOS155 Psykologiske emne
Emnet har som mål å gi studentane ei brei forståing av menneske si psykologiske, sosiale og fysiske utvikling, og av korleis dei samanhengane menneske til ei kvar tid er ein del av påverkar både utvikling og aktuell fungering.
Innhald:
- utviklingspsykologi
- sosialpsykologi
- gerontologi
- rusproblem
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- Har brei kunnskap om sentrale teoriar om normal og avvikande individuell utvikling
- Har brei kunnskap om utvikling i vaksen alder og alderdom, med særleg forståing for vaksne og eldre i utsette livssituasjonar
- Har brei kunnskap om korleis individet fungerer i grupper og nettverk
- Har brei kunnskap om omsorgssvikt, overgrep, vald, moglege årsaksforhold, uttrykk og konsekvensar
- Har kunnskap om rus og avhengighet
Studenten:
- Kan analysere og reflektere over ulike vilkår for normal og avvikande utvikling av individ og grupper
- Kan analysere og reflektere over korleis individ og nettverk påverkar kvarandre gjensidig
Studenten:
- Har innsikt i forhold som medverkar til god eller dårleg fungering
- Kan leggje til rette for deltaking og utvikling, og er i stand til å analysere og ta omsyn til korleis kontekst spelar inn i slike prosessar
- Kan leggje til rette for utsette menneske si deltaking og inkludering i viktige grupper og sosiale nettverk
- Kan reflektere fagleg og etisk over individuelle og samfunnsmessige vilkår for deltaking og utvikling
Forelesingar, gruppeaktivitet og seminar. Delar av undervisninga blir organisert som blokkundervisning.
Arbeidskrav
- Skriftleg arbeid ved slutten av emnet (pensumprøve eller liknande). Kravet fell bort dersom studenten kan dokumentere minimum 70 prosent frammøte til undervisningsaktivitetar.
Alle arbeidskrav skal skrivast/gjennomførast på norsk. Nærare retningslinjer vil gå fram av informasjon i Canvas. Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-7 om arbeidskrav.
Obligatorisk frammøte:
For undervisingsaktivitetar som gjeld ferdigheitstrening er det krav om minimum 80 prosent frammøte. Dette gjeld følgjande undervisingsaktivitet:
- Deltaking på seminardag med ruskasus.
- Social Work - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Written Exam | Individual | 6 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Studenten vel sjølv om eksamensbesvarelsen vert skrive på norsk eller engelsk. |