Semesters
SOS158 Praksisstudium, 16 dagar
Ingen.
I dette første praksisstudiet skal studenten gjennomføre praksis på yrkesarenaer der fagfolk og brukarar møtest. Gjennom deltaking og observasjon skal studenten bli kjent med arbeidskvardagen til fagfolk og brukarar sine behov. Det faglege fokuset i dette praksisstudiet er forforståing, relasjons- og profesjonell kompetanse og etikk. Studenten sin sjølvrefleksjon rundt eigne reaksjonar, følelsar og tankar før, under og etter praksis, er sentral. Det er forventa at studenten tar i bruk kunnskap frå det tidlegare og parallelle emne.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- Har kunnskap om kommunikasjon, relasjon og samhandling, og etiske verdiar og problemstillingar knytt til relasjonsarbeid
- Har kunnskap om praktisk yrkesteori
Studenten:
- Kan drøfte og anvende kunnskap om relasjon og kommunikasjon i samhandling med kollegaer og brukarar
- Kan beskrive eigne erfaringar, følelsar og tankar i samband med praksis, og reflektere over desse
- Kan justere praksis under rettleiing
Studenten:
- Har innsikt i menneskesyn og verdiar i sosialt arbeid, og kan vise grunnleggjande interesse, toleranse og respekt for menneske i ulike situasjonar uavhengig av alder, kjønn, etnisitet, religion og livssyn, funksjonsnedsetting og seksuell orientering
- Har innsikt i eiga forforståing, haldningar og verdiar og betydninga av samhandlingskompetanse i sosialt arbeid
Studenten har praksis ved ein godkjend praksisstad. Studenten følgjer arbeidstida ved praksisstaden, og tar del i det daglege arbeidet.
Studenten skriv samtidig logg med observasjonar, refleksjonar, analysar av erfaringar i praksisstudiet, og har ansvar for sjølvstudium.
Studenten skal ha ein kontaktperson ved praksisplassen som har eit oppfølgingsansvar for studenten. Studenten får også tildelt ein rettleiar ved høgskulen, som vil vere til stades i seminar og følgje opp studenten ved behov.
Det vert også nytta klasseroms- og seminarundervisning i emnet. Seminar midtvegs i praksis vert gjennomført digitalt.
Vi viser til Retningsliner for praksisstudium ved Bachelor i sosialt arbeid – sosionom og Bachelor i sosialt arbeid – barnevernspedagog.
Obligatorisk deltaking
- 16 dagar praksis på godkjent praksisstad, der studenten kan ha maksimalt to dagar fråvær. Fråvær utover dette må takast igjen.
- Det er krav om 80 prosent obligatorisk deltaking på all anna undervisingsaktivitet (forarbeid, midtvegsseminar, etterarbeid).
Nærare retningslinjer vil gå fram av informasjon i Canvas. Vi viser til § 4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda om obligatorisk frammøte/deltaking.
Arbeidskrav
- Innlevering av praksisavtale
- Innlevering av innstilling til stått/ikkje stått praksis frå praksisstaden
- Innlevering av refleksjonsnotat etter praksis
Alle arbeidskrav skal skrivast/gjennomførast på norsk. Nærare retningslinjer vil gå fram av informasjon i Canvas. Vi viser til § 4-7 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda om arbeidskrav.
- Social Work - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praksis | Individual | 16 Days | Pass / fail | Jf. Retningsliner for praksisstudium (…) vert samla vurdering av praksis gjort av kontaktlærar og praksisrettleiar. |